Jobb hos oss
Vi er stadig på leit etter nye kollegaer som er engasjerte, fagleg sterke og som liker å samarbeide på tvers av ulike fagområde.
Sist oppdatert : 9. juli 2024Forutan hovudkontoret i Bergen, har direktoratet kontor i Oslo, Trondheim, Tromsø og Brussel. Vi er vel 450 tilsette, med svært variert utdannings- og erfaringsbakgrunn.
Vi er godkjent som lærebedrift og tar imot lærlingar innan IKT- og servicefag og kontor- og administrasjonsfag. Dersom du er lærling, finn du oversikt over statlege læreverksemder og søknadsskjema på nettstaden OK stat – for lærlingar i staten.
Ledige stillingar
Direktoratet er opptatt av mangfald og inkludering. Vi har tru på at dette gir oss eit breiare perspektiv og at tilsette med ulike bakgrunnar og fagkombinasjonar gjer oss betre rusta til å løyse oppdraga våre. Derfor oppmodar vi alle om å søke jobb hos oss, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Alle stillingar blir lyst ut via Jobb Norge på Finn, Nav og på denne sida, og blir i tillegg publisert på direktoratet si Linkedin-side og intranett.
Slik er det å jobbe hos oss
Hos oss blir du ein del av ein organisasjon med brei fagleg kompetanse og stort engasjement. Som tilsett vil du få spennande og interessante arbeidsoppgåver, mogelegheit for fagleg utvikling og kollegaer som set godt arbeidsmiljø og gjensidig respekt høgt.
Vi tilbyr
Fleksibel arbeidstidsordning med mogelegheit for heimekontor.
Tilsette kan trene i inntil to timar i arbeidstida kvar veke.
Som nytilsett vil du få tildelt en fadder den første tida. Du vil følgje eit opplæringsløp som blir tilpassa akkurat deg og evaluert i samtalar med leiaren din.
Kontora til direktoratet er trivelege og godt tilrettelagde, og ligg sentralt til i dei ulike byane.
Som medlem av Statens pensjonskasse får du gode pensjonsordningar.
HK-dir skal være ein arbeidsplass som legg til rette for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar for å løfte kompetansen i heile befolkninga – også blant eigne tilsette.
Vi ønskjer lærlingar innan IKT- og servicefag eller og kontor- og administrasjonsfag velkomne hos oss.