Hopp til hovudinnhald

100 millionar kroner til kompetanseheving

Publisert: 6. mars 2023

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse deler ut 100 millionar kroner til 1393 kurs gjennom ordninga Kompetansepluss. Den Ukrainske Foreningen i Bodø er ein av dei som får midlar i år.

Mann i blå dressjakke smiler til kamera.
Leder for den ukrainske foreninga i Bodø, Roman Zherebko.

Foto: Den ukrainske foreninga i Bodø.

Kompetansepluss er ei viktig ordning for kompetanseheving i arbeidslivet. Målet med ordninga er å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene til vaksne i lesing, skriving, munnleg, rekning og digitale kunnskapar, samt opplæring i norsk eller samisk. I utdeling av midlar i år er søknadar med kurs i rekning prioritert.

− Rekning er ein viktig grunnleggjande ferdigheit i både privat- og arbeidslivet. I kvardagen vår brukar vi rekning når vi til dømes skal handle, planleggje budsjett, og for å forstå korleis renter og skatt fungerer. I arbeidslivet er rekning viktig i mange yrker som krev utrekningar, som til dømes i byggebransjen og i helsevesenet. Det seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Den teknologiske utviklinga gjer at det blir stadig færre jobbar som krev lita eller ingen formell kompetanse. Vaksne som har lave ferdigheiter i rekning, risikerer å stå utanfor arbeidslivet og kan også oppleve andre former for utanforskap i samfunnet.

− Stadig omstilling og rask utvikling i arbeidslivet stiller større krav til digitale ferdigheiter hos den enkelte. For å ta i bruk ny teknologi på ein effektiv måte, er det viktig at tilsette meistrar rekning. Derfor har vi prioritert å styrkje rekneferdigheiter i tildeling av kompetanseplussmidler i år. Dette er viktig for å gi vaksne aukt kompetanse til å meistre omstilling, og styrke tilknytinga deira til arbeidslivet, fortel Skule.

Kompetansepluss gjev ukrainske flyktningar ny sjanse

Den Ukrainske foreningen i Bodø er ein av dei som mottek midlar gjennom tildeling i Kompetansepluss i år. Foreininga blei etablert i mars 2022 etter at krigen braut ut i heimlandet deira. Det siste året har dei fleire gangar samla omlag 300 ukrainarar til sine arrangement. 80 prosent av flyktningane er kvinner og born, og kompetanse- og utdanningsnivået deira er veldig variert.

– Medlemmane våre må no lære seg norsk, det er mange som heller ikkje snakkar engelsk. I tillegg til det språklege skal de også få ei kulturell innføring i korleis det norske samfunnet fungerer, og kva som skil norsk arbeidsliv frå det ukrainske, det forklarar leiaren i Den Ukrainske Foreningen i Bodø, Roman Zherebko.

Legg til rette for jobb og verdiskaping

Det er avgrensa jobbmoglegheiter i Bodø. Flyktningane må derfor tileigne seg ny kompetanse.

– Mange må truleg rekne med å jobbe i ein annan bransje enn dei gjorde i Ukraina. Då er det viktig at de grunnleggjande ferdigheitene er på plass. Vi er derfor veldig glade for å få midlar gjennom Kompetansepluss slik at vi kan hjelpe ukrainarar med å finne seg til rette i det norske samfunnet. Som ein del av opplegget vil dei også satse på opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og digitale kunnskapar fordi dette utgjer ein viktig del av norsk arbeidsliv og kvardag, seier Zherebko.

Nå skal foreininga jobbe målretta og effektivt for å finne ut korleis dei best kan nytte midlane til undervisning for dei som treng det mest.

– Vi skal dele opp undervisninga etter utdanningsnivå, og vil satse på dei som har vilje og interesse til å kome seg i jobb. Vi har også ein ambisjon om å ha eit kurs på kveldstid for dei som allereie er i jobb. Med auka språkkunnskapar og kjennskap til norsk arbeidsliv kan dei etter kvart kome seg over i andre jobbar som dei er utdanna til og brenn for.

På sikt håper foreininga at kursa vil gje auka deltaking i samfunnet, betre livskvalitet, meistring, sjølvtillit og menneskeverd i dei ukrainske flyktningane sitt liv.

– Nokre av ukrainarane som kom hit var sterkt traumatiserte etter tøffe opplevingar i krigen. No er mange av dei blitt klare til å ta ny utdanning for å kome seg i jobb og gje tilbake til det norske samfunnet som tok dem imot dei, avsluttar Zherebko.

Tildelte pengar delt på fylke
Tildelte pengar delt på fylke
Kroner 
Agder
8 910 000
Innlandet
9 975 000
Møre og Romsdal
6 555 000
Nordland
5 760 000
Oslo
26 160 000
Rogaland
2 790 000
Troms og Finnmark
600 000
Trøndelag
8 010 000
Vestfold og Telemark
10 275 000
Vestland
2 340 000
Viken
16 590 000

Om kompetansepluss og årets tildeling

  • Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse forvaltar ordninga. Dei fekk 592 søknader til Kompetansepluss. Totalt blei det søkt om eit beløp på 237 360 000 kroner.
  • Kompetansepluss er en tilskotsordning for opplæring i grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg og IKT, samt norsk eller samisk.
  • Sidan oppstarten av Kompetansepluss arbeid i 2006 har 100.000 deltatt i opplæring på arbeidsplass.
  • Kompetansepluss arbeid gjev midlar til kurs for arbeidstakarar knytt til arbeidsplass.
  • Kompetansepluss frivilligheit gjev midlar til kurs knytt til aktivitetar i frivillige organisasjonar.

Tildelinga i 2023

  • I år får 5602 vaksne i meir enn 1223 verksemder over heile Noreg delta i opplæringa.
  • 177 prosjekter innan Kompetansepluss arbeid, til saman kr 87 615 000
  • 1 prosjekt innan Kompetansepluss arbeid, samisk, til saman kr 165 000
  • 29 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, til saman kr 10 350 000
  • 1 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, samisk kr 120 000

kompetansenorge.no/tildelinger kan du sjå kven som har fått pengar i tildelinga for 2023.