9 av 10 bestod Statsborgarprøva
Publisert: 20. februar 2023Resultata for heile landet viser at 91 prosent av kandidatane bestod Statsborgarprøva i 2022.
Foto: Ole Palmstrøm
I løpet av fjoråret var det totalt 7216 personar som tok Statsborgarprøva. Enkelte avla prøven meir enn ein gang, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom (sjå tabell).
– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Digital kunnskapsprøve
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse utviklar prøva på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Stortinget har bestemt at Statsborgarprøva er ei prøve i samfunnskunnskap som skal måle kjennskap til grunnleggande historiske, sosiale, økonomiske og politiske tilhøve i Noreg, og kjennskap til grunnleggande plikter og rettar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.
Statsborgarprøva er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla lest opp frå ei lydfil. Prøva inneheld 32 poenggjevande spørsmål, der deltakarane må svare rett på minst 24 av dei for å bestå.
Frå 1. januar 2017 har det blitt stilt krav om at alle som søkjer om norsk statsborgarskap og er mellom 18 og 67 år må bestå Statsborgarprøva. Prøva finnast på båe på bokmål og nynorsk. 99 prosent av kandidatane tok prøven på bokmål i 2022.
Resultat på Statsborgarprøva i 2022 fordelt på fylke
Fylke | Tal på kandidatar | Prosentdel har bestått | Prosentdel ikkje bestått |
---|---|---|---|
Agder | 335 | 90 % | 10 % |
Innlandet | 264 | 87 % | 13 % |
Møre og Romsdal | 283 | 88 % | 12 % |
Nordland | 174 | 86 % | 14 % |
Oslo | 1453 | 93 % | 7 % |
Rogaland | 696 | 93 % | 7 % |
Troms og Finnmark | 262 | 92 % | 8 % |
Trøndelag | 555 | 87 % | 13 % |
Vestfold og Telemark | 344 | 89 % | 11 % |
Vestland | 862 | 92 % | 8 % |
Viken | 1988 | 91 % | 9 % |
Heile landet | 7216 | 91 % | 9 % |
Meir informasjon om statsborgerprøva
- Det er kommunane som har ansvar for gjennomføringa av Statsborgarprøva. Pris blir bestemt av prøvestadane lokalt, men skal vere basert på sjølvkostprinsippet og varierer mellom 400 til 1000 kroner. Prisane for å avleggje prøva landet rundt finnast på nettsidene våre.
- For å førebu seg til prøva, finn kandidatane tekstar som dekkjer kunnskapsgrunnlaget til Statsborgarprøva (og samfunnskunnskapsprøva) på samfunnskunnskap.no.
- UDI: Krav til norsk statsborgarskap, på UDI sine nettsider.