– Digital undervisning gir betre norskopplæring
Publisert: 3. september 2024– Det er interaktive øvingar og varierte oppgåver som gjer læringa meir morosamt – det treng deltakarane sjølv om dei er vaksne, seier Ole Gunnar Søstrand.
Søstrand er rektor ved vaksenopplæringa i Vestvågøy i Nordland, ein av dei rundt 70 norske kommunane som har tatt i bruk digital norskopplæring som eit supplement til den ordinære undervisninga så langt. Han oppmodar fleire kommunar til å gjere det same.
– Opplæringstilbodet er både fleksibelt, tilpassa og engasjerande og ikkje minst gir det gode resultat. Det gjer kvardagen lettare for både lærarar og leiarar i norskopplæringa, seier han.
Språk er nøkkelen til arbeid
Gode norskkunnskapar er svært viktig for å få jobb i Noreg. Dei siste tre åra har norske kommunar busett meir enn 70.000 flyktningar – dei fleste fordrivne frå krigen i Ukraina. Kapasiteten i vaksenopplæringa i mange norske kommunar har naturleg nok vore pressa i møte med denne auken. Derfor fekk HK-dir ansvaret for å utvikle eit nasjonalt tilbod om digital norskopplæring. Tilbodet skal gjere norskopplæringa meir fleksibel og tilpassa både for arbeidsgivarar som skal tilsette, i tillegg til flyktningane sine behov og ulike livssituasjonar.
– Tilbodet er eit viktig verkemiddel i integreringsarbeidet som vi håpar at enda fleire kommunar no tar i bruk, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.
– Viktig at undervisninga er lærarstyrt
Vestvågøy bruker det digitale tilbodet som supplement i klasseromsundervisninga. I oppstarten er dei som regel to eller fleire lærarar i klasserommet – etter kvart blir deltakarane tryggare på det digitale opplegget. Søstrand meiner det er bra at tilbodet er lærarstyrt.
– Interaksjonen mellom menneske, der deltakarene får høve til å bruka språket munnleg, er veldig viktig.
Erfaringa deira er at elevane med kapasitet til rask læringsprogresjon har størst utbytte. Søstrand fortel om deltakarar som i løpet at eit halvt år har jobba seg gjennom så mange leksjonar at dei nærmar seg språkleg B2-nivå.
– Slik er det sjølvsagt ikkje for alle. Men utan det digitale supplementet hadde det vore nærmast umogleg, seier Søstrand.
– Målet vårt er å gi det beste språkopplæringstilbodet vi kan, for så mange som mogeleg. Her hjelper det digitale tilbodet oss langt på veg, legg han til.
Hever også den digitale kompetansen
Ifølge Søstrand er det ikkje berre språkferdigheitene til elevane som blir betre med når det digitale opplegget blir tatt i bruk.
– Den digitale kompetansen for alle involverte gjer og eit hopp – altså ikkje berre for deltakarane, men og for lærarar og opplæringsstaden, seier han.
Digital norskopplæring
- Vestvågøy kommune har gitt tilbod om digital norskopplæring til 185 deltakarar så langt i år.
- HK-dir arrangerer i november erfaringssamlingar om fleksibel og nettbasert norskopplæring i Oslo, Bergen og Trondheim.
- 46 kommunar deltek i nettverket Flyktningar i jobb – eit samarbeid mellom kommunesektorens organisasjon (KS), Arbeids- og velferdsdirektoratet samt Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. Arbeidet starta opp i vår.
- Denne artikkelen er basert på KS-webinaret om moglegheitene for digital norskopplæring for flyktningar og innvandrarar i august 2024. Opptaket frå webinaret finn du på Youtube.