Hopp til hovudinnhald

Fleire vil bli sjukepleiarar og lærarar

Publisert: 30. oktober 2024

Nesten 5500 studentar møtte opp på sjukepleiestudiet hausten 2024. Det er det høgaste talet sidan vi starta med nasjonale tal for studentoppmøte i 2008. Også på lærarutdanningane er trenden med fallande oppmøtetal broten.

Oversikt over oppmøte studentar på sjukepleieutdanninga fraå 2015 til og med 2024

Det viser heilt ferske tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH), som HK-dir administrerer.

Fleire sjukepleiestudentar når karakterkrava er fjerna

På sjukepleie trong ein tidlegare minimum 3 i norsk og matematikk for å komme inn. Men i 2024 blei det på åtte institusjonar opna for lokale opptak utan desse karakterkrava, for studieplassar som stod ledige etter det ordinære opptaket.

– Rundt 980 av haustens 5493 nye sjukepleiestudentar er tekne opp utan karakterkrav. Dersom desse ikkje hadde blitt tekne opp, ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.

– Det er stor knappheit på sjukepleiarar i Noreg som i mange andre land, og knappheita vil auke i åra framover. Når fleire enn nokon gong har møtt opp til sjukepleiestudiet vil det, alt anna likt, bidra til å redusere framtidig knappheit på sjukepleiarar. Det gjeld òg sjølv om fråfallet skulle vise seg å bli noko høgare blant dei studentane som ikkje tilfredsstiller karakterkrava, seier Sveinung Skule.

Over 100 000 nye studentar i haust

Totalt møtte 102 330 studentar opp til ulike gradsstudium og årsstudium hausten 2024.

– Talet på studentar som møter til studiestart har lege stabilt dei siste ti åra, til tross for at stadig fleire har fått eit tilbod om studieplass. Unntaket var under pandemien. Saman med stabile og etter kvart fallande ungdomskull kan det tyde på at vi truleg ikkje kan vente ytterlegare vekst i talet på studentar ved ordinære grunnutdanningar framover, seier Sveinung Skule.

Auke også på lærarutdanningane

På femårig lærarutdanning er minstekravet enten 35 skulepoeng og 3 i norsk og 4 i matematikk, eller minst 40 skulepoeng og 3 i norsk og matematikk.

Oversikt over oppmøte studentar på GLU 1-7: master i grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn

Tolv institusjonar fekk i år dispensasjon frå heile eller delar av karakter- og poengkrava, flest på grunnskulelærarutdanningane. Totalt 716 av dei møtte studentane på lærarutdanningene blei tatt opp utan karakterkrav.

– Også på lærarutdanningane er trenden med fallande oppmøtetal broten. Eg vil likevel understreke at vi ikkje veit sikkert kor mange av dei som fekk plass utan karakterkrav, som tilfredsstiller krava og kunne ha kome inn på ordinære restplassar. Dette må vi analysere nærare, men det er rimeleg å anta at fjerninga av karakterkrava har ført til at fleire har starta på lærarutdanningane, seier Sveinung Skule.

Fakta: GLU 1-7 (master i grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn):
  • Total møtte 1199 studentar på GLU 1-7.
  • Av desse blei 363 tatt opp utan karakterkrav. Det utgjer 30 prosent.
  • Det samla antalet møtte er totalt sett høgare enn i 2023, då litt over 1000
  • møtte, og omtrent likt med 2022.
  • Antalet møtte studentar som er tatt opp gjennom det ordinære opptaket med karakterkrav er 836. Dersom dette hadde vore det endelege talet, ville det ha innebore ein kraftig nedgang frå i fjor, og det ville ha vore det klårt lågaste talet sidan den femårige grunnskulelærarutdanninga blei innført i 2017.
Fakta: GLU 5-10 (master i grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn):
  • Totalt 951 studentar møtte i 2024.
  • Av desse blei 306 tatt opp utan karakterkrav. Det utgjer 32 prosent.
  • Det samla antalet møtte er totalt sett høgare enn i 2023, då 895 møtte, men lågare enn alle andre år sidan 2017, då femårig GLU blei innført.
  • Antalet møtte studentar som er tatt opp gjennom det ordinære opptaket med karakterkrav er 645. Dersom dette hadde vore det endelege talet, ville det ha innebore ein kraftig nedgang frå i fjor, og det ville ha vore det klårt lågaste så lenge den femårige grunnskulelærarutdanninga har eksistert.
Oversikt over oppmøte studentar på GLU 5-10: master i grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn
Fakta: Femårig lektorutdanning:
  • På lektorutdanningane var det færre institusjonar som hadde opptak utan karakterkrav: fem universitet/høgskular.
  • 858 studentar møtte på lektorutdanningane, av desse var det berre 23 som blei tekne opp utan karakterkrav. Talet på møtte er det lågaste sidan 2012.