Hopp til hovudinnhald

Korfor fullfører nokre studia, mens andre fell frå?

Publisert: 19. juni 2025

– Eg vil gjerne at flest mogleg studentar skal fullføre på normert tid, og eg tar tala på alvor og følger nøye med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Mann og kvinne på scenen, ser i kamera

Sveinung Skule, direktør i HK-dir saman med forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland under Kunnskapsprat i Bergen

Foto: HK-dir

Aldri før har fleire masterstudentar i Noreg fullført utdanninga utan forsinking: 58,5 prosent.

Men: På bachelornivå er det for andre året på rad ein nedgang i talet på dei som fullfører på normert tid: 53 prosent i 2024, mot 57 prosent i 2022.

Dette går fram av årets Tilstandsrapport for høgare utdanning. Funna var utgangspunktet for vårens siste Kunnskapsprat, som samla ekspertar på gjennomføring og fråfall og praktikarar frå universitet og høgskular.

Statsråd Sigrun Aasland peikte på ein stadig større og meir samansett studentmasse som ei forklaring på at gjennomføringa går ned på fleire bachelorutdanningar.

– Det er eit ubetinga gode for samfunnet at mange ønsker å ta høgare utdanning. Men eit stort studentmangfald krev at vi jobbar veldig hardt med studiekvalitet og oppfølging, sa Aasland, som samstundes var opptatt av å nyansere tala.

Gjennomføring på normert tid for heiltidsstudentar 2015–24 etter gradsnivå. Del
Merknad: Figuren viser gjennomføring på normert tid på sektornivå, dvs. uavhengig av om studenten byter institusjon. For treårig bachelor er verdien berekna ut frå studentane som møtte til studiestart 3 år før, for toårig master 2 år før osb. På grunn av omlegginga av grunnskulelærarutdanninga frå 4- til 5-årig i 2017 er den 4-årige grunnskulelærarutdanninga her slått saman med dei femårige masterutdanningane. Siste kull på 4-årig grunnskulelærarutdanning hadde normert fullføringsår 2020. Data for Handelshøyskolen BI er ikkje teke med i figuren.
Kjelde: HK-dir/DBH

Målet er ikkje 100 prosent gjennomføring

– Vi skal absolutt sørge for at både studiekvaliteten og studiefinansieringa er god. Samstundes trur eg ikkje at målet er 100 prosent gjennomføring på normert tid, sa Aasland.

[@portabletext/react] Unknown block type "undefined", specify a component for it in the `components.types` prop

Samstundes trur eg ikkje at målet er 100 prosent gjennomføring på normert tid

Sigrun Aasland

Ho viste til at 20 prosent av bachelorstudentane tar eit års pause undervegs, ifølge ei undersøking frå Lånekassen. Mange jobbar dessutan deltid, la ho til.

– Det er kjempebra at mange søker seg til høgare utdanning, samstundes som arbeidslivet melder om kompetansebehov. Det er to ting som heng godt saman, sa Aasland.

Fallet i gjennomføring er særleg stort innan klassiske velferdsstudiar som lærarutdanning og helse- og sosialfag. Aasland minna om at gjennomføringa likevel framleis er høg på desse fagområda samanlikna med andre.

Stadig fleire nettstudentar dreg tala ned

Sveinung Skule, direktør i HK-dir, meinte at lærestadene har gjort ein fantastisk jobb med å inkludere ei stadig større og meir samansett studentgruppe.

– Vi ser at fleire fagområde får stadig fleire fleksible studentar, og då går gjennomføringa noko ned. Det gjeld barnehagelærarutdanning, der arbeidsplassbasert utdanning no er veldig vanleg. Og det er kjempebra at faglærte på denne måten tar nye faglege steg, understreka han.

– Også innan vernepleie har andelen fleksible studentar auka. På sjukepleiarutdanninga derimot er det berre åtte prosent fleksible studentar, så der stiller eg meg meir spørrande til årsakene til fallet i gjennomføring. Svakare inntaksgrunnlag, altså karakterar frå vidaregåande, kan være ein del av forklaringa, sa han.

Mykje å gå på når det gjeld gjennomføring

Sveinung Skule ville likevel ikkje gå med på at vi kanskje har nådd taket for kor mange som faktisk kan gjennomføre på normert tid.

– Det er framleis mykje å gå på når det gjeld gjennomføring i høgare utdanning. Men vi kjem ikkje utanom dilemmaet: Når stadig fleire studerer, blir mangfaldet stadig større og inntaksgrunnlaget svakare. Det er reelt vanskelegare å få studentane gjennom på normert tid, påpeikte Skule.

Han fekk støtte frå Kaja Ingdal Hovdenak, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO).

– Det er bra med ei mangfaldig studentgruppe og at fleire tar høgare utdanning. Men eit halvfullt glas er ikkje nok. Vi må sjå nærare på kva vi kan gjere for å auke gjennomføringa, sa Ingdal Hovdenak.

Færre fullfører ingeniørstudium

Ingeniørutdanningane har hatt eit markant fall i gjennomføring. I 2024 fullførte 44 prosent på normert tid. Det er langt under snittet for alle bachelorutdanningar, som ligg på 53 prosent.

Jens Kristian Fosse er dekan ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Han reflekterte over moglege årsaker til dette fallet.

– Søkninga til ingeniørutdanningane har i nokre år vore litt låg for institusjonar som vår, slik at dei fleste som er kvalifiserte får studieplass. Vi ser at særleg matematikkunnskapane ofte er låge i starten. Vi må bruke meir og meir tid på å fylle slike kunnskapshol og organisere utdanningane deretter, sa Jens Kristian Fosse.

Gjennomføring på normert tid på fire store bachelorutdanningar. Del
Kjelde: HK-dir/DBH

Fullfører i foreldra sine fotspor

Håvard Helland har forska mykje på samanhengar mellom sosioøkonomisk bakgrunn og gjennomføring i høgare utdanning. Han er professor ved Senter for profesjonsforsking, OsloMet.

– Den generelle samanhengen ser ut til å vere universell: Jo høgare utdanning foreldra har, jo høgare utdanning tar barna. Men vi har òg sett på tilbøyelegheita til å velje same studieretning som foreldra og korleis det heng saman med å fullføre. Og det er ein positiv samanheng, sa Helland.

– Dei som vel å gå i foreldra sine fotspor fullfører oftare enn andre. Noko av dette handlar om karakterar frå vidaregåande. Men sjølv når vi kontrollerer for karakterar, har dei større tendens til å fullføre utdanninga, påpeikte Helland.

Han meinte at dette handlar om kultur og ei større lyst til å få den same utdanninga som foreldra.

Å velje same utdanning som foreldra er mykje meir vanleg i fag som medisin og juss enn i humaniora og samfunnsfag.

En scene med to menn og to kvinner som snakker sammen og smiler

Frå venstre: Sveinung Skule, direktør i HK-dir, Elisabeth Hovdhaugen, forskar ved NIFU, Håvard Helland, professor ved Senter for profesjonsforsking ved OsloMet, og ordstyrar Gro Tjore, assisterande direktør i HK-dir

Foto: HK-dir

Gjennomføring og trivsel heng saman

NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak var ny student i pandemiåret 2020. Då fekk ho oppleve kva eit studieliv utan studentmiljø inneber.

– Det er ikkje noko kjekt. Gjennomføring og trivsel heng tett saman, sa NSO-leiaren og argumenterte for å sjå på læringsmiljø slik vi er vande med å sjå på arbeidsmiljø.

Elisabeth Hovdhaugen, forskar ved NIFU, vektla kor viktig det er at studentane blir godt integrerte.

– Eit godt miljø på campus er viktig, og at studentane faktisk møter opp til førelesingar og treffer andre studentar, sa Hovdhaugen.

Med utgangspunkt i eiga forsking skilte ho mellom å falle frå studiet på den eine sida og å byte studium på den andre. Å byte er mykje meir vanleg enn å falle frå.

– Særleg innan humanistiske fag, som har låg gjennomføring på normert tid, ser vi at svært mange byter. Det fører til forsinkingar for den enkelte studenten, men ikkje nødvendigvis til fråfall, sa Hovdhaugen.

Må ikkje bli for opphengde i normert tid

Dette poenget plukka Sunniva Whittaker opp, som styreleiar for Universitets- og høgskulerådet (UHR) og rektor ved Universitetet i Agder (UiA).

– Eg trur mange studentar på humanistiske fag tar eit år før dei begynner på noko anna. Og det er heilt topp. Det er viktig at vi får inn ulike perspektiv i til dømes ingeniør- og sjukepleiarutdanninga. Så vi må ikkje bli for opphengde i gjennomføring på normert tid, åtvara Whittaker.

Høg kvalitet er ekstremt viktig, understreka ho, men meinte at kvalitet og gjennomføring ikkje nødvendigvis står i motsetning til kvarandre. Som UHR-leiar er ho opptatt av å dele gode erfaringar. Ho delte følgande:

– Nærleik til arbeidslivet, slik at studentane kan erfare kva studia faktisk kan brukast til. God mottaking av førstesemesterstudentar, for eksempel med mentorordning. Formative vurderingsformer som sikrar både auka kvalitet og gjennomføring.

Fire kvinner og en mann på scenen i en panelsamtale

Frå venstre: Gunn Mangerud, dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Universitetet i Bergen, Jens Kristian Fosse, dekan ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, Kaja Ingdal Hovdenak, leiar for Norsk studentorganisasjon, Sunniva Whittaker, styreleiar for Universitets- og høgskulerådet og rektor ved Universitetet i Agder, ordstyrar Gro Tjore, assisterande direktør ved HK-dir

Sosial og fagleg inkludering er nøkkelen

Gunn Mangerud er dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho fortalde om ei rekke tiltak dei no gjennomfører med suksess.

Hovudgrepet? Sosial og fagleg inkludering. Ikkje berre det eine, ikkje berre det andre, men begge deler – saman.

– «Mattestova» er eit lågterskeltilbod: fagleg orientert og med ei sosial ramme. Vidarekomne studentar er tilsette for å drifte mattestova, som er open for alle fakultetet sine studentar, sa Mangerud.

Viktig å seie frå når ein slit

Sunniva Whittaker tok på seg hatten som rektor ved UiA og fortalde om liknande grep, med opne lågterskeltilbod innan matematikk, akademisk skriving og koding.

– Studentane treng å vite at det finst ei rekke verktøy dei enkelt kan ta i bruk for å få hjelp i studia, sa Whittaker.

NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak understreka kor viktig fysiske møteplassar er. Ho meinte at noko av det viktigaste studentar sjølve kan gjere, er å seie frå når dei slit og ikkje kjenner på meistring. Seie frå til tilsette, men òg til medstudentar.

– Det er òg viktig for studentar å orientere seg i alle tilboda som finst. Då eg studerte i Bergen, hadde studentsamskipnaden Sammen masse gratis kurs. Eg tok mellom anna eit kurs i å meistre eksamensangst – og det var ikkje fullt. Det er plass til fleire, sa Kaja Ingdal Hovdenak.

Sjå opptak av Kunnskapsprat