Modulstrukturert opplæring gjev fleksibilitet
Publisert: 9. februar 2023Fem fylker prøver for tida ut modulstrukturert fag- og yrkesopplæring tilpassa vaksne. No er ein ny evalueringsrapport frå ideas2evidence publisert om forsøket.
Rapporten viser at dei fleste lærarar og bedrifter vurderer forsøket som positivt. Modellen bidreg til meir fleksibilitet. Opplæring i modular inneber at lærestaden og bedrifta tek utgangspunkt i den kompetansen som personen allereie har, slik at den vaksne ikkje skal bruke meir tid på opplæring enn det som er naudsynt for å oppnå sluttkompetanse. Etter å ha fullført ein modul, får den vaksne dokumentert kompetansen sin med eit kompetansebevis. Ordninga gjer det enklare å veksle mellom opplæring, arbeid og andre forpliktingar.
I modulstrukturert opplæring er det lagt opp til at bedrifta er den primære læringsarenaen.
– Vi meiner at det er eit veldig godt grep med arbeidsplassbasert opplæring, fordi det er lagt opp til eit tett samarbeid mellom lærestaden og bedrifta. Det gjer at deltakarar som har faglege og teoretiske behov også får prøve seg i ein praktisk yrkeskontekst. Det seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Prioritering av svake norskferdigheiter
Rapporten viser at praksisbasert opplæring fungerer godt for både norskspråklege og minoritetsspråklege deltakarar. Samstundes peikar rapporten på to hovudutfordringar i forsøket. Den eine utfordringa knyter seg til oppfølging av deltakarar med svake norskferdigheiter.
– I vår oppfølginga av forsøket har integrert språkopplæring i ein yrkeskontekst vore eit prioritert område. Vi vurderer at det er stort behov for å utarbeide støtteressursar både for lærestadar og bedrifter som etter kvart får ansvar for å innføre modulstrukturert vidaregåande opplæring, meiner Skule.
Finansiering av livsopphald er viktig
Rapporten peikar på at det å dekke livsopphald er ei hovudutfordring i forsøket. Eit viktig funn er at to av tre lærarar opplever at deltakarane sin økonomiske situasjon går ut over opplæringa. Dette er også i tråd med tidlegare evalueringsrapportar i forsøket.
– Vi veit at for vaksne som skal velje å ta utdanning, betyr føreseielege villkår knytt til økonomi mykje. Båe sikring av livsopphald og oppfølging av minoritetsspråklege med svake norskferdigheiter er dirfor område som krev ei spesiell merksemd i tida fram til innføring av vidaregåande opplæring som hovudmodell, opplyser Skule.
Frå hausten 2024 blir modulstrukturert opplæring innført som hovudmodell for vaksne i dei tretten lærefaga som har vore prøvd ut i forsøket.
– Rapporten gjev eit godt innblikk i erfaringar frå lærarar og bedrifter som har prøvd ut modellen, og vil vere eit viktig bidrag inn i fylka si planlegging av innføring av modulstrukturert vidaregåande opplæring for vaksne frå hausten 2024, avsluttar han.