Hopp til hovudinnhald

No kan du søkje studieplass

Publisert: 1. februar 2024

1. februar opna søkinga til over 1 800 studium hjå Samordna opptak. I år er det rekordmange studieplassar å søkje på.

En kvinne med skjorte sitter ved en datamaskin. Hun har hånda opp til haka og ser tankefull ut.
Det er mange studium ein kan søkje til ved fagskular, høgskular og universitet gjennom Samordna opptak.

Foto: Colorbox

I 2024 er det rundt 78 000 kunngjorde studieplassar, fordelt på over 1 800 studium ved fagskular, høgskular og universitet gjennom Samordna opptak.

– Det er gledeleg å sjå kor stor variasjon det er i vala søkjarane har i år. At det i tillegg er så mange studieplassar, gjer at rekordmange kan få høve til å tileigne seg kompetanse ved å starte på ei utdanning i 2024, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Fleire sjansar på universitet og høgskular

I år er det både ein liten auke i talet på studiar og talet på studieplassar som blir tilbydd ved universitet og høgskular, samanlikna med i fjor. I år er det nesten 64 000 studieplassar fordelt på dei rundt 1 400 studia søkjarane kan søkje på gjennom Samordna opptak.

– Det er stor mangel på grupper med høgare utdanning, og mangelen vil truleg auke framover. Dei vi utdannar i dag, skal løyse morgondagens utfordringar, seier Skule.

Mann som står i ein kontorkorridor. Han har på seg mørkeblå dressjakke og lyseblå skjorte. Han smiler.

Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Mange nye fagskuletilbod

Søkjarane som ønskjer å ta høgare yrkesfagleg utdanning på fagskule, har i år nesten 500 studium å velje mellom gjennom Samordna opptak. Rundt 100 av desse studia er nye studietilbod.

– Høgare yrkesfagleg utdanning er viktig for å løyse dei kompetanseutfordringane næringslivet og vi som samfunn står overfor i åra som kjem. Skal vi møte desse utfordringane treng vi fleire med solid yrkesretta kompetanse, seier Skule.

Éin søknad til fleire studium

Gjennom Samordna opptak kan du enkelt søkje opptak til fleire lærestader og studium med berre éin søknad. For dei som ønskjer å søkje opptak til både fagskule og universitet/høgskule er det naudsynt med to søknadar.

Søkjarane har framleis god tid til å finne ut kva utdanningar dei skal søkje på. Søknadsfristen er 15. april, og både Samordna opptak og lærestadane står klare til å hjelpe søkjarane med råd og informasjon undervegs i søkjeprosessen. I tillegg kan søkjarane finne informasjon om dei ulike studia og yrka på utdanning.no.

Er du i tvil om kva du skal søkje? Karriereveiledning.no tilbyr gratis karriererettleiing på chat, telefon og verktøy på nettsida.

Publiseringsdatoar for årets søkjar- og opptakstal finn du i informasjonsplanen for Samordna opptak for 2024.

Nøkkeltal for universitet, høgskular og fagskular

Nøkkeltal for universitet og høgskular:
Nøkkeltal for universitet og høgskular
Antal
Studieplassar ved universitet og høgskular
63 758
Studium ved universitet og høgskular
1364
Talet på universitet og høgskular du kan søkje på gjennom Samordna opptak
27
Nye studium ved universitet og høgskular
76

Nøkkeltal for fagskular
Nøkkeltal for fagskular
Antal
Studieplassar ved fagskular som blir tilbydd gjennom Samordna opptak
14 314
Studium ved fagskular du kan søkje på gjennom Samordna opptak
496
Fagskular som er ein del av Samordna opptak
26
Nye fagskulestudium
107

Om Samordna opptak

Samordna opptak koordinerer opptaket til 27 universitet og høgskular og 26 fagskular.

1. januar 2022 blei Samordna opptak ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Noreg, Universell og delar av Unit, NSD og NOKUT.