Ny utlysing for norskspråklege tidsskrift
Publisert: 14. februar 2023No kan du melde interesse for å delta i ordninga for norskspråklege opne tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap.
Den treårige ordninga skal støtte norsk som fagspråk og samstundes bidra til at norske vitskaplege publikasjonar er opent tilgjengelege. Ordninga er inne i si andre periode (2021–2023), der 28 tidsskrift får støtte.
Ordninga blir venteleg vidareført for ein ny treårsperiode frå 2024. Vidareføring av ordninga er avhengig av fortsett finansiering over statsbudsjettet, mens påmeldinga blir gjennomført allereie no frå 15. februar, med frist 31. mars 2023.
Gå til openscience.no for meir informasjon og søknadsskjema.