Opptak til høgare utdanning blir enklare, og fleire utdanningar meir tilgjengeleg
Publisert: 5. april 2024Regjeringa har lagt fram to stortingsmeldingar om høgare utdanning som får stor betydning for søkarar, studentar, og for samfunns- og arbeidsliv.
- Det er stor knappheit på kompetanse innan dei store profesjonsutdanningane, og ei bekymringsfull utvikling i søkartala til fleire av dei. Samstundes har mange motiverte søkarar opplevd utdanning som utilgjengeleg, på grunn av karakterkrav eller manglande moglegheit til å kombinere utdanning og arbeid der dei bur. Endringane vil gjere utdanningane tilgjengeleg for fleire, og mange kan kome raskare i gong med høgare utdanning, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun la fram meldingane i ein pressekonferanse fredag 5. april.
Forenkling av opptaksreglane
I Stortingsmelding om opptak til høgare utdanning foreslår regjeringa ei rekke endringar i opptaksregelverket. Målet til regjeringa er at fleire kjem raskare i gang med høgare utdanning, og at opptaksregelverket blir enklare.
- Vi ser fram i mot at søkarar får eit enklare og meir forståeleg regelverk å forhalda seg til når dei søker til det samordna opptaket hos oss. Det gjer det også lettare å hjelpe søkarane gjennom våre informasjons- og karriererettleiingstenester, seier Skule.
Forenklinga går blant anna ut på å fjerne ulike poeng, som poeng for alder, kjønn, høgare utdanning, folkehøgskule, språk og fagskule. Kjønnspoeng vert erstatta av kjønnskvoter til utdanningar der institusjonane søker om det for å sikre utjamning av kjønnsfordeling.
Regjeringa ynskjer å behalde poeng for verneplikt og realfag. For realfag vert det maksimalt to tilleggspoeng, mot fire i dag.
Endringane gjer at ein går frå maksimalt 14 til 3 moglege tilleggspoeng etter vidaregåande skule.
Vidare vil regjeringa fjerne karakterkravet til sjukepleiarutdanninga. Søkarar må i dag ha minst tre i norsk og matte. På lærarutdanninga vil det framleis vere karakterkrav, men utdanningsinstitusjonane kan, som før, søke unntak frå dette.
- Det er viktig for søkarane å merke seg at endringane ikkje trer i kraft gjennom årets samordna opptak. Ei viktig oppgåve for oss i HK-dir vert å sikre ein saumlaus overgang til nytt opptaksregelverk, fortset Skule.
Godt førebudd
Regjeringa ynskjer også å styrke eigenarten og relevansen i utdanningane til nokre av yrka som er viktige for velferd og verdiskaping i Norge: Helse- og sosialarbeidarar, lærarar og ingeniørar. Målet er å gjere utdanningane meir praksisnære og tilgjengelege for fleire.
- Dette er endringar som kan bidra til at samfunnet får betre tilgang på viktig kompetanse. HK-dir er godt budd til å følje opp regjeringa sine ambisjonar og forventningane dei har til oss og sektoren. Vi har mykje kunnskap og ulike verkemiddel, som til dømes karriererettleiingstenesta som er viktig for at fleire skal delta i arbeid, utdanning og livslang læring, seier Sveinung Skule.