Overtar oppgåver frå NOKUT
Publisert: 9. april 2024Frå 1. januar 2025 overtar HK-dir ansvaret for dei nasjonale spørjeundersøkingane om studiekvalitet frå NOKUT. Det gjeld studiebarometera og undervisarundersøkingane.
Oppdraga styrker den koordinerande rolla til direktoratet innanfor statistikk, analyse og kunnskapsgrunnlag i både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
Kunnskapsdepartementet skriv i ei pressemelding at arbeidet med studiekvalitet skal styrkast og samlast i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Samlar oppgåver som høyrer saman
Direktoratet får eit overordna koordineringsansvar for statistikk, analyse og informasjonsarbeid om studiekvalitet i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning frå 2025. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) skal bli meir reindyrka som eit fagleg uavhengig organ med akkrediterings-, tilsyns- og evalueringsoppgåver.
– Denne endringa er eitt av fleire strukturelle grep vi tek for å auke studiekvaliteten. No samlar vi oppgåver som naturleg høyrer saman, og vi frigjer viktige ressursar i NOKUT, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
Styrker arbeidet med kvalitetsutvikling
– Vi ser fram til å vidareutvikle desse undersøkingane i samarbeid med både NOKUT og utdanningsinstitusjonane, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.
– Det vil styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning at vi kan sjå dei i samanheng med kandidatundersøkingane, DBH og andre delar av kunnskapsgrunnlaget HK-dir har ansvaret for.
Vil samarbeide om overføringa
NOKUT skal arbeide som normalt med studiebarometera i 2024. Men NOKUT og HK-dir vil allereie no starte samarbeidet om undersøkingane.
– Det aller viktigaste er at kunnskapen som blir produsert blir tatt i bruk og bidreg til at utdanningskvaliteten blir utvikla vidare. Det er litt vemodig for oss å gi frå oss desse tre undersøkingane, men vi er sikre på at HK-dir vil halde fram med det gode arbeidet og vi vil samarbeide godt med dei både når oppgåvene no blir overførte og vidare framover, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.