To fagskolar skal utvikle utdanning for flyktningar
Publisert: 13. januar 2023Fagskolen Diakonova og AOF Østfold har fått tre millionar kroner for å utvikle høgare yrkesfaglig utdanning for nye flyktningar i Noreg.
Til søknadsfristen kom det inn fem søknader på til saman 6,3 millionar kroner. To prosjekt fekk støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i denne pilotordninga.
Fagskolen Diakonova satsar på opplæring og rettleiing av lærarar i rehabiliterande undervising og traumemedvit, og tilpassa undervisning for flyktningar.
– Prosjektet skal bidra til å sjå på flyktningar som ein ressurs, og skal gjere dei i stand til å gå inn i ein utviklande jobb innan helse og omsorg, seier Gry Ulvedalen, rektor for Fagskolen Diakonova, i ei pressemelding.
Til nytte for heile sektoren
Det overordna målet med denne pilotordninga frå HK-dir er å stimulere til opptak av flyktningar i fagskolesektoren og å utvikle tilpassa program for dei.
– Det handlar om å gi betre moglegheiter for flyktningar til å ta ei fagskuleutdanning, bidra til at fleire får relevant kompetanse til å gå ut i arbeidslivet, og at utdanningane er relevante for behova i arbeidslivet, seier direktør i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Sveinung Skule.
Han viser til at vi lever i ei tid med kriser mange stader i verda.
– Då er det viktig at flyktningar til Noreg får gode moglegheiter til å bli inkluderte i utdanning og arbeidsliv. Høgare yrkesfagleg utdanning har eit stort potensial til å bidra. Vi håpar at desse midlane kan stimulere til gode pilotprogram som på sikt kan vere til nytte for heile sektoren, seier Skule.
AOF Østfold sitt prosjekt skal gi flyktningar eit tilrettelagt studium innan psykisk helsearbeid (60 studiepoeng).
Tre klasser i tre byar
Begge prosjekta legg til rette for tilpassa fagskoleutdanning kombinert med språkopplæring, og begge skolane samarbeidar med fleire aktørar i offentleg, privat og ideell sektor.
Prosjekta omfattar tre klasser i tre byar: Bergen, Oslo og Fredrikstad, og vil tilby praksisplassar. Første opptak blir i 2024, så det er for tidleg å seie kor mange studentar som vil nytte seg av tilboda.
Sveinung Skule legg vekt på at prosjekta skal bidra til at fleire flyktningar deltar i høgare yrkesfagleg utdanning, i arbeidslivet og i sosiale nettverk.
– Mange flyktningar har høgare utdanning og utdanning på mellomnivå. Underbruk av kompetansen deira utgjer ein «kompetansereserve» i samfunnet. Høgare yrkesfagleg utdanning kan tilby modulbasert og fleksibel opplæring og på den måten spele ei viktig rolle i å komplettere og formalisere utdanninga og kompetansen for flyktningar, seier Sveinung Skule.