Hopp til hovudinnhald

Dialogmøte om Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid

Styret i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid inviterer institusjonar som har doktorgradsstudentar i kunstnarleg utviklingsarbeid til dialogmøte

Tidspunkt: 10. juni 2025 kl. 09.00- 10. juni 2025 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr opplæring i teori, metode og etikk for doktorgradsstudentar i kunstnarleg utviklingsarbeid. Undervisninga foregår i fysiske og digitale seminar og nasjonale forum.

Forskerskulen har eit eige styre som fastset læringsutbyttet og årleg kursplan. Styret har representantar frå dei deltakande institusjonane, samt to representantar frå stipendiatene. Direktoratet for høgaere utdanning og kompetanse ved Program for kunstnarleg utviklingsarbeid administrerer undervisninga.

Agenda

  • Diskusjon om framtidig organisering og plassering av forskarskulen
  • Erfaringsdeling rundt bruk av dei 10 opne studiepoenga i ph.d.-utdanninga og kva tilbod som finst av fagspesifikke kurs ved institusjonane

Vi ber institusjonane førebu korte innlegg om korleis dei organiserer den fagspesifikke opplæringa.

Kven kan delta?

Representantar frå

  • Høgskulen i Østfold
  • Høgskulen i Volda
  • Kristiania
  • Kunsthøgskulen i Oslo
  • Noregs musikkhøgskule
  • NTNU
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Innlandet
  • Universitetet i Stavanger
  • UiT - Noregs arktiske universitet

Målgruppa for dialogmøtet er fagleg og administrativt tilsette med mynde i høve forskarskulen, til dømes rektorar, dekanar, instituttleiarar, avdelingsleiarar og leiarar for Ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid.

I tillegg inviterer vi i år representantar frå biblioteka for å bidra med erfaringar rundt samarbeid på tvers av ph.d.-institusjonane.

Det vert lagt opp til diskusjon, dvs. at møtet ikkje er retta mot observatørar. Dersom ein primært ønskjer informasjon, viser me til informasjonsmøte for forskingskoordinatorar og andre, som vert arrangert to gongar årleg. Me legg også ut eit kort referat frå møtet på denne sida i ettertid.

Me ber om samla påmelding frå kvar institusjon som er knytta til forskarskulen til pku@hkdir.no innan 2. juni.

Påmeldingsfrist

2. juni 2025 kl. 12.00
(CET)

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

E-post:pku@hkdir.no