Hopp til hovudinnhald

Dialogmøte om Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid

Styret i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid inviterer institusjonar som har doktorgradsstudentar i kunstnarleg utviklingsarbeid til dialogmøte

Tidspunkt: 2. juni 2026 kl. 13.00- 2. juni 2026 kl. 15.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr opplæring i teori, metode og etikk for doktorgradsstudentar i kunstnarleg utviklingsarbeid. 

Undervisninga er organisert i modular, og går føre seg i fysiske og digitale seminar og nasjonale forum.

Forskerskulen har eit eige styre som fastset læringsutbytet og årleg kursplan. Styret har representantar frå dei deltakande institusjonane, samt to representantar frå stipendiatene. Direktoratet for høgaere utdanning og kompetanse ved Program for kunstnarleg utviklingsarbeid administrerer undervisninga.

Agenda

Vert publisert nærare møtedato.

Kven kan delta?

Representantar frå

  • Kunsthøgskulen i Oslo
  • Noregs musikkhøgskule
  • NTNU
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Innlandet
  • Universitetet i Stavanger
  • UiT - Noregs arktiske universitet

Målgruppa for dialogmøtet er fagleg og administrativt tilsette med mynde i høve forskarskulen, til dømes rektorar, dekanar, instituttleiarar, avdelingsleiarar og leiarar for ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Det vert lagt opp til diskusjon, dvs. at møtet ikkje er retta mot observatørar. Dersom ein primært ønskjer informasjon, viser me til informasjonsmøte for forskingskoordinatorar og andre, som vert arrangert to gongar årleg. Me legg også ut eit kort referat frå møtet på denne sida i ettertid.

Me ber om samla påmelding frå kvar institusjon til pku@hkdir.no seinast 26. mai.

Påmeldingsfrist

26. mai 2026 kl. 12.00 (CET)

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

E-post:pku@hkdir.no