Dialogmøte om Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid
Styret i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid inviterer institusjonar som har doktorgradsstudentar i kunstnarleg utviklingsarbeid til dialogmøte.
Om arrangementet
Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr opplæring i teori, metode og etikk for ph.d.-studentar i kunstnarleg utviklingsarbeid.
Undervisninga foregår i fysiske og digitale seminar og nasjonale forum.
Forskerskulen har eit eige styre som fastset læringsutbytet og årleg kursplan. Styret har representantar frå dei deltakande institusjonane, samt to representantar frå stipendiatene. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ved Program for kunstnarleg utviklingsarbeid administrerer undervisninga.
Agenda
- Vidareutvikling av forskarskulen sitt undervisningstilbod – endringar frå og med studieåret 2024/2025
- Innføring av progresjonsplan
- Økonomi
- Eventuelt
Kven kan delta?
Representantar frå
- Høgskulen i Østfold
- Høgskulen i Volda
- Kunsthøgskulen i Oslo
- Noregs musikkhøgskule
- NTNU
- Universitetet i Agder
- Universitetet i Bergen
- Universitetet i Innlandet
- Universitetet i Stavanger
- UiT - Noregs arktiske universitet
Målgruppa for dialogmøtet er fagleg og administrativt tilsette med mynde i høve forskarskulen, til dømes rektorar, dekanar, instituttleiarar, avdelingsleiarar og leiarar for Ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid. Det vert lagt opp til diskusjon, dvs. at møtet ikkje er retta mot observatørar. Dersom ein primært ønskjer informasjon, viser me til informasjonsmøte for forskingskoordinatorar og andre, som vert arrangert to gongar årleg. Me legg også ut eit kort referat frå møtet på arrangementssida i ettertid.
Me ber om samla påmelding frå kvar institusjon som er knytta til forskarskulen til pku@hkdir.no innan 10. desember.