EAIE-konferansen 2025
EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Gøteborg, i Sverige, frå 9.–12. september.
Om arrangementet
EAIE-konferansen er Europas største konferanse innan internasjonal høgare utdanning. Ho samlar meir enn 7300 personar frå ei rekke land over fire dagar for presentasjonar, diskusjonar og nettverksaktivitetar.
I 2025 går EAIE-konferansen føre seg i Gøteborg, nærare bestemt i Svenska Mässan, like ved Liseberg.
Konferansen har både eit fagleg program og eit messeområde, der ulike land presenterer utdanningstilbod og institusjonar i dei ulike landa.
Program for EAIE konferansen og informasjon om påmelding finn du på nettsida for EAIE Gøteborg 2025. Påmeldinga opnar 28. mai.
Study in Norway stand
HK-dir deltek med ein "Study in Norway"-stand der norske institusjonar kan få vere standvakter og slik få moglegheit til å promotere sin institusjon.
Standen vil også ha møtebord som kan bestillast for møte med samarbeidspartnarar. Standen har nummer P54 og ligg midtvegs mellom inngang/registrering og lunsjområdet.
Meir informasjon om stand, behov for standvakter og ulike norske arrangement vil kome.
Britisk-norsk samarbeidslunsj
Onsdag 10. september klokka 12-13:30 inviterer HK-dir og British Council til ein felles lunsj på ein restaurant i Liseberg. Målet med lunsjen er å styrke banda mellom høgare utdanningsinstitusjonar i desse landa. Lunsjen vil vere gratis.
Det er sett av maksimalt tre plassar per norske institusjon. I tillegg vil British Council invitere eit utval britiske institusjonar med interesse for samarbeid med Noreg til lunsjen.
Det er avgrensa med plassar på lunsjen, difor opnar me ikkje for at norske institusjonar kan invitere sine samarbeidspartnarar direkte. Dersom din institusjon har samarbeidspartnere i Storbritannia det er særlig relevant å invitere til lunsjen så gi oss gjerne beskjed slik at vi kan videreformidle til British Council.
Meir informasjon om stad og påmelding til lunsjen vil kome.