Hopp til hovudinnhald

Empowering Tomorrow's Workforce: Exploring AI and Future Tech in VET and C-VET

Korleis integrere KI i fag- og yrkesopplæringa på ein måte som gjer elevane betre førebudd til å møte krava i det moderne arbeidslivet? KI kan tilby innovative løysingar for tilpassa læring, automatisering av administrative oppgåver og forbetra praktisk trening gjennom simulering og virtuelt samarbeid, men kva kompetanse trengs for å kunne ta det i bruk? Korleis sikre tett samarbeid med relevant industri og arbeidsliv og høg kvalitet på opplæringa? Og kva potensiale er det for norsk-polsk samarbeid innan fag- og yrkesopplæring? Dette er tema for eit polsk-norsk seminar om fag- og yrkesopplæring.

Tidspunkt: 13. juni 2024 kl. 09.00- 14. juni 2024 kl. 15.00
Stad: Warsawa, Polen • Fysisk

Om arrangementet

Påmeldingsfrist 06.06.2024

NB! Seminaret er gratis - overnatting og reisekostnadar for norske deltakarar er dekka av arrangøren.

Polen har jobba systematisk over tid for å styrke den nasjonale fag- og yrkesopplæringa, til dømes gjennom reformar som mellom anna skal styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og indsutrien, ein nasjonal handlingsplan for å tilpasse opplæringstilbodet til teknologiske endringar og digitalisering, ved å etablere eit omfattande nettverk av opplærings- og utviklingssenter, og har gjennomført mange tiltak for å inkludere unge vaksne i arbeidslivet.

På dette seminaret vil både polske og norske innleiarar presentere ulike perspektiv innan fag- og yrkesopplæringa. Målet er at å gi deltakarane:

  • forståing av integrerering og implementering av KI i fag- og yrkesopplæring
  • innsikt i strategiar for å etablere bærekraftige partnarskap
  • moglegheit til å dele kunnskap og erfaringar om utfordringar og god praksis knytt til digital omstilling
  • moglegheit til å knyte kontaktar frå eit land der fag- og yrkesopplæringssektoren er i stor utvikling, og uforske idear for nye samarbeid
  • kunnskap om korleis det polske utdanningsprogrammet under EØS-midlane har bidratt til å modernisere den polske fag- og yrkesopplæringssektoren

NB! Det er ikkje eit krav om tidlegare erfaring med EØS-midlane eller prosjektsamarbeid med Polen eller

Målgruppe for seminaret er aktørar som har ei rolle innan fag- og yrkesopplæringssektoren.

Program

Seminaret går over to dagar:

Dag 1: Panel og presentasjonar

Presentasjon av beste praksis og diskusjon om tematikkar som utfordringar og moglegheiter ved integrering av KI i fag- og yrkesopplæringa, korleis sikre regional utvikling gjennom tett samarbeid med regionalt arbeids- og næringsliv, korleis sikre innovasjon gjennom sentre for fremragande fag- og yrkesopplæring.

Del 1: Fostering effective partnerships in Vocational Education and Training

  • Industry Collaboration & dual education in VET
  • Tranforming VET through educational innovation
  • EU policy on VET Excellence

Del 2: Navigating the Future: AI and other top edtech trends in Vocational Teaching and Learning

  • Challenges and Opportunities of the integration of AI in VET
  • Beyond AI: Empowering VET Education through Technology
  • Advancing VET Skills and Future Competence of Digital skills for all
Dag 2: Idea lab - Workshop session

Formålet med denne dagen er å føre ulike aktørar innan fag- og yrkesutdanning frå Polen og Noreg saman for å utforske nye prosjektidear og potensielle nye partnarskap for framtidig samarbeid.

Praktisk informasjon

Seminaret finn stad i Golden Tulip Warsaw Centre.

Alle deltakarane bestiller og legg ut for si eiga reise og kostnadar opptil 500 Euro og vert refundert etter arrangementet. Mer informasjon og rettleiing for refusjon av desse reiseutgiftene vert sendt direkte til dei som melder seg på.

Når det gjeld overnatting så må alle krysse av dette i påmeldingsskjemaet - arrangøren betalar då dette direkte til hotellet. Seminardeltakarane bur på Mercure Warszawa Centrum, som er i kort avstand til seminarhotellet.

Bakgrunn

Seminaret er eit samarbeid mellom HK-dir og det polske nasjonalkontoret for både EØS-midlane og Erasmus+, Foundation for the Development of the Education System, og er finansiert av det polske utdanningsprogrammet under EØS-midlane.

Påmeldingsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Margunn Instefjord

Seniorrådgiver

E-post:margunn.instefjord@hkdir.no

Telefonnummer:92 41 67 22