Hopp til hovudinnhald

EØS-midlane for grunnopplæringa

Korleis kan norske skular, kommunar eller fylkeskommunar bruke nye utlysingar i EØS-midlane til å styrke samarbeid og utvikling i grunnopplæringa. I dette nettmøtet fokuserer vi spesielt på korleis norsk grunnopplæring kan dra nytte av å delta i utdanningsprosjekt finansiert av EØS-midlane.

Tidspunkt: 15. desember 2026 kl. 09.00- 15. desember 2026 kl. 10.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

I 2027 er det venta mange nye utlysingar i EØS-midlane. Vi gir her ei enkel innføring i EØS-midlane, med døme og praktiske råd om korleis norske partnarar kan lukkast med EØS-prosjekt. Korleis norske skular og skuleeigarar kan bruke EØS-midlane på ein strategiske måte vil vere eit viktig tema i dette nettmøtet.

Møtet passar både for dei som er nye til EØS-midlane, og for dei som kjenner ordninga litt frå før. Vi er også interesserte i å høyre frå dei som har positive erfaringar frå tidlegare EØS-prosjekt.

Målet er at deltakarane skal ha eit betre grunnlag for å vurdere moglegheitene i dei nye utlysingane og korleis deltaking i EØS-prosjekt kan vere relevant for skular, kommunar eller fylkeskommunar etter nettmøtet.