Fagskolekonferansen 2025
Velkomen til årets fagskolekonferanse. Konferansen er ein nasjonal møtestad for sektoren! Programmet byr på fagleg påfyll, inspirasjon og erfaringsutveksling.
Påmeldinga til fysisk deltaking er no fullteikna.
Du kan framleis melde deg på for digital deltaking, eller sette deg på venteliste for fysisk plass.
Sjå programmet for detaljar og parallellsesjonar
Heile konferansen blir strøyma, men merk at det berre er éi av parallellsesjonane som blir sendt direkte. Dei andre er kun tilgjengelege for fysisk deltakande.
Utdanningskvalitetsprisen
Eit av høgdepunkta under Fagskolekonferansen er utdeling av Utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning.
Overnatting
Hotellrom reserverast og betalast utanom påmeldinga av den einskilde deltakar.
Konferanseavgift
Deltakaravgift for fysiske deltakarar på konferansen er 1 200 kroner. I tillegg kan du melde deg på felles middag på kvelden dag 1. Middagen kostar 600 kroner, og er ei god anledning til å bli betre kjent med dei andre deltakarane i uformelle og hyggjelege rammer.
Digital deltaking er kostnadsfri, og passar for deg som ønskjer å følgje konferansen frå eigen skjerm.
Spørsmål?
Kontakt oss på fagskolekonferansen@hkdir.no