Hopp til hovudinnhald

Fagskolekonferansen 2026

Fagskolekonferansen er ein nasjonal møtestad for sektoren. I 2026 utforskar vi korleis vi går frå rammer til praksis i utviklinga av høgare yrkesfagleg utdanning.

Tidspunkt: 3. november 2026 kl. 11.00- 4. november 2026 kl. 14.00
Stad: Scandic Hamar, Vangsvegen 121, 2318 Hamar • Fysisk | • Digitalt

Gjennom sesjonar, samtalar og innlegg utforskar vi korleis vi byggjer framtidas fagskole saman – frå nasjonale rammer til praksis. Informasjon om sesjonar og innleiarar blir oppdatert fortløpande fram mot konferansen.

Påmelding

Påmeldingsfristen gjekk ut 2.oktober.

Avmeldingsfristen er 09.oktober 2026. Vi gjer merksam på at ved avmelding etter avmeldingsfristen, eller dersom du ikkje møter til konferansen, vil du bli fakturert for heile konferanseavgiften.

Digitale deltakarar kan melde seg på lenka under for å få påminnelse om konferansen. Lenke til sendinga blir sendt til påmelde deltakarar før konferansen og publisert på nettsidene.

Overnatting

Deltakarane må sjølve bestille og betale hotellrom utanom påmeldinga.

Konferanseavgift

Deltakaravgift for fysiske deltakarar er kr 1 349 eks. mva. Ved fakturering utgjer dette totalt kr 1 600 inkl. mva.

Konferansemiddagen er det valfritt å delta på. Middagen kostar kr 800 inkl. mva. og blir fakturert saman med deltakaravgifta.

Digital deltaking er kostnadsfri, og passar for deg som ønskjer å følgje konferansen frå eigen skjerm.

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)

Kontakt oss

Fagskolekonferansen

E-post:fagskolekonferansen@hkdir.no