Hopp til hovudinnhald

Instagram-pilot: Korleis fenge internasjonale studentar?

Lær meir om korleis du kan bygga omdøme blant internasjonale studentar via instagram.

Tidspunkt: 14. mars 2025 kl. 13.00- 14. mars 2025 kl. 13.45
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Korleis kan vi profilere Noreg som studieland gjennom Instagram?

I dette webinaret deler vi erfaringar frå pilotordninga "Instagram Takeover", der nokre norske institusjonar la ut sine innlegg på Instagram-profilen til Study in Norway.

Bli med for å lære av erfaringane og utforske strategiar for bruk av Instagram!

Du vil møte:

  • Gyda Bjercke (HK-dir): Fortel om Instagram-piloten og erfaringar med denne.
  • Malin Aurbakken Gylvik (UiO): Fortel om korleis Universitetet i Oslo jobbar mot internasjonale studentar i sosiale medium.

I tillegg blir det diskusjonar og erfaringsutveksling.

Påmeldingsfrist

14. mars 2025 kl. 13.00
(CET)