Internasjonal rekruttering og omdømmebygging
Korleis kan norske universitet og høgskular styrke si internasjonale studentrekruttering og byggje eit attraktivt omdømme globalt? Denne profileringssamlinga i Oslo samlar fagfolk frå UH-sektoren for å dele erfaringar og utforske løysingar for å rekruttere internasjonale heilgradsstudentar. Gjennom faglege innlegg og samtalar får deltakarane innsikt i korleis ulike institusjonar arbeider strategisk med å nå ut til denne målgruppa.
Om arrangementet
Samlinga er ein møteplass for dei som arbeider med internasjonal rekruttering ved norske universitet og høgskular.
Tema for samlinga er internasjonal rekruttering og omdømmebygging.
Vi får innsikt i korleis ulike universitet og høgskular arbeider med desse områda, og får høve til å diskutere utfordringar og mogelege løysingar med andre som jobbar med det same.
De vil få høyre frå:
- Shani Pearson, seniorrådgjevar for marknadsføring og rekruttering ved Handelshøyskolen BI, som vil snakke om «Where to start? Looking at student decision making”. Denne presentasjonen blir halden på engelsk.
- Brit Moen Tjøstad og Christel Vindenes, seniorrådgjevarar ved kommunikasjonsavdelinga ved NTNU, som vil snakke om arbeidet med å utvikle ein strategi for studentrekruttering.
- Iben Andersen, prosjektleiar ved NMBU.
- Tordis Marie Espeland frå HK-dir, som vil snakke arbeidet HK-dir gjer med studentrekruttering.
Sjølve presentasjonane vil bli strøyma, og dei som melder seg på som digitale deltakarar vil få tilsendt ei strøymelenke etter at påmeldingsfristen er ute.
Sidan ein stor del av programmet også vil bestå av samtalar og diskusjonar, vil digital deltaking gi eit meir avgrensa utbyte samanlikna med fysisk oppmøte.
Bakgrunn:
Samlinga er ein del av arbeidet til HK-dir med å profilere Noreg som eit attraktivt land for studium og samarbeid.
Du kan lese meir om korleis vi arbeider med profilering, få inspirasjon til rekrutteringsarbeidet, og finne kunnskap og verktøy på nettsidene våre om profilering av Noreg som studie- og samarbeidsland.
