Hopp til hovudinnhald

Internasjonalisering i lærarutdanningane

HK-dir og INN inviterer deg til eit spennande seminar om internasjonalisering i lærarutdanningane. Få innblikk i kva for strategiske grep dei som lukkast tek. Utforsk nye perspektiv og bli med i diskusjonen om korleis vi kan rigge oss for skiftande tider. Møt opp til ein dag fylt med innsikt, inspirasjon og nettverksbygging.

Tidspunkt: 28. oktober 2025 kl. 10.00- 28. oktober 2025 kl. 16.00
Stad: Universitetet i Innlandet, campus Hamar • Fysisk

Om arrangementet

Det er ei glede å presentere innleiarar som er svært erfarne innanfor internasjonalt samarbeid i lærarutdanningane. Tema som vil bli belyst:

• kvifor mobilitet er viktig og korleis lærarutdanninga kan fremme interkulturell kompetanse hos studentane

• døme på strukturelle tiltak med mål om å integrere globale perspektiv i heile studieløpet

• korleis vidareføre internasjonalisering i ordinær drift basert på prosjektresultat

• internasjonalisering på ein framtidsretta måte i tråd med geopolitiske endringar

Innleiare

• HK-dir – Gro Tjore, assisterande direktør

• INN - Gunhild Tomter Alstad, prodekan utdanning

• NTNU - Jørgen Klein, professor, FoU-leiar for samfunnsfaga

• HVL – Olav Christian Ruus, førstelektor, forskar på internasjonalisering

• UiT - Annfrid Rosøy Steele, førsteamanuensis i pedagogikk

• Nord universitet - Rosemary Kate Martin, dekan ved fakultetet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag

• OsloMet – namn på innleiar vil kome

Målgruppe

Dekanar, prodekanar, instituttleiarar, studieprogramleiarar, internasjonale koordinatorar, prosjektkoordinatorar, administrativt tilsette og andre interesserte

Påmeldingsfrist

15. september 2025 kl. 10.00
(CET)

Aase Bergmann

E-post:aase.bergmann@hkdir.no