Korleis rekruttera internasjonale heilgradstudentar?
Dette seminaret er for deg som jobbar med internasjonal markedsføring og rekruttering av internasjonale heilgradsstudentar. Her vil du både få fagleg input og høve til å dela og lytta til erfaringar frå andre.
Målet med seminaret er å gi innsikt i korleis ulike universitet og høgskular arbeider med omdømebygging og rekruttering av heilgradsstudentar. Her får du mulighet til å diskutera utfordringar og løysingar med andre som jobbar med det same. HK-dir presenterer ny merkevarestrategi for merkevara Study in Norway på seminaret, og vil også fasilitera ein workshop om brukarreise og korleis dette kan brukast i rekrutteringsarbeid. Me vil også få høyra frå ein nordisk institusjon, samt frå NTNU og UIT. Meir detaljar om programmet ser du under programfana.
Du får mest utbyte av å delta på seminaret fysisk, men programmets del 1 blir strøyma. Dei som melder seg på som digitale deltakarar vil få tilsendt ei strøymelenke etter at påmeldingsfristen er ute. Me anbefaler fysisk oppmøte om du har høve til dette, sidan nettverking og samtalar er ein viktig del av programmet.
Seminaret finn stad på NMBU sin campus på Ås, i auditorium Gullvepsen. Dersom du kjem frå Oslo S tek toget 17 minutt, medan bussen frå Gardermoen tek om lag 1 time. Det er om lag 15 minutt å gå frå togstasjonen på Ås til NMBU sin campus.
Bakgrunn:
Samlinga er ein møteplass for dei som arbeider med internasjonal rekruttering ved norske universitet og høgskular, og er ein del av arbeidet til HK-dir med å profilera Noreg som eit attraktivt land for studium og samarbeid.
Du kan lese meir om korleis vi arbeider med profilering, få inspirasjon til rekrutteringsarbeidet, og finne kunnskap og verktøy på nettsidene våre om profilering av Noreg som studie- og samarbeidsland.

Påmeldingsfrist
15. oktober 2026 kl. 23.59 (CET)