Hopp til hovudinnhald

Presentasjon av NIMK - svensk nettverk for internasjonal marknadsføring og kommunikasjon i UH-sektoren

Nettverk for internasjonal marknadsføring og kommunikasjon (NIMK) er eit nettverk drive av og for svensk UH-sektor. Stefan Haglund, leiar av nettverket, vil fortelja korleis nettverket er organisert og kva meirverdi det gjev for svensk utdanningssektor.

Tidspunkt: 6. mars 2026 kl. 13.00- 6. mars 2026 kl. 13.45
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Det svenske nettverket NIMK (Nätverket för Internationell Marknadsföring och Kommunikation) har blant anna som mål å vera ein arena for erfaringsutveksling angåande marknadsføring og kommunikasjon av Sverige som studiedestinasjon. Det skal initiera samarbeid og prosjekt om felles problemstillingar.

Ved fleire norske universitet og høgskular vert det no jobba aktivt med rekruttering av internasjonale heilgradstudentar. Eit nettverk kan bidra til kunnskapsdeling og tettare samarbeid om denne tematikken.

Det svenske nettverket har fungert godt i mange år, og me inviterer difor tilsette ved norske universitet og høgskular til å høyra meir om dette – kanskje kan det inspirera til eit liknande samarbeid i Noreg?

Nettverket NIMK vert drifta av sektoren på omgang, med Study in Sweden som samarbeidspartnar.

For øyeblikket er det Linné-universitetet ved Stefan Haglund som har rolla som «ordførar» for nettverket. Haglund er kommunikasjonsstrateg innan internasjonal studentrekruttering, og har jobba i sektoren sidan før Sverige innførte studieavgift for tredjelandsstudentar i 2011.

Linné-universitetet ligg i Småland, nærare bestemt i byane Kalmar og Växjö. Universitetet har ein internasjonal profil og tek kvart år imot over 2 200 internasjonale studentar.

Webinaret er ein del av møteserien til profileringsmandatet, med mål om å fremja kunnskap og kompetanse om Noreg som studie- og samarbeidsland i sektoren.

Etter presentasjonen blir det god tid til spørsmål og diskusjon.

Målgruppe:

Tilsette ved norske universitet og høgskular som jobbar innan områder relevant for internasjonal rekruttering, for eksempel kommunikasjon, marknadsføring, opptak og mottaksapparat.

Påmeldingsfrist

6. mars 2026 kl. 13.00 (CET)

Tordis Marie Espeland

E-post:tordis.espeland@hkdir.no