Seminar for rettleiarar i kunstnarleg utviklingsarbeid
Rettleiar du ph.d.-studentar i skapande og utøvande kunstfag? Bli med på digitalt rettleiarseminar 27. november!
Om arrangementet
Kven kan delta?
Alle som rettleier doktorgradsstudentar som deltek i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid er velkomne til å delta, samt representantar frå institusjonane.
Tema: Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid
I seminaret får du introduksjon til den nasjonale forskarskulen i kunstnarleg utviklingsarbeid. Forskarskulen har som mål å gje ph.d.-studentar innføring i etikk, metode og teori, og skal også vere ein arena for utvikling av dei ulike ph.d-prosjekta. I seminaret vert det lagt vekt på korleis forskarskulen kan vere ei støtte og ein ressurs for deg som rettleiar ph.d.-studentar i kunstnarleg utviklingsarbeid.
Praktisk informasjon
Språk: engelsk.
Deltaking er gratis.

Påmeldingsfrist
27. november 2025 kl. 14.00 (CET)