Seminar om Erasmus+ i grunnopplæringa 2023
Vi har gleda av å invitere alle nye og pågåande Erasmus+-prosjekt til erfaringsseminar i Bergen 27.– 28. september.
Presentasjoner fra seminaret
Om arrangementet
Årets erfaringsseminar blir halde fysisk, og går over to dagar:
27.–28. september 2023.
Du kan laste ned programmet (pdf), men du finn det også i eiga fane ovanfor.
Erfaringsseminaret vil vere eit tematisk seminar som i hovudsak handlar om prioriteringane i Erasmus+, særleg retta mot berekraft og digitalisering. I løpet av desse to dagane vil det òg leggjast til rette for erfaringsutvekslingar mellom prosjekta.
Praktisk informasjon knytt til prosjektstyring, kontraktar og økonomi vil gjennomgåast i eigne webinar/modular i forkant av erfaringsseminaret. Webinara og anna relevant informasjon vil vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av deltaking på det fysiske erfaringsseminaret.
Deltaking på seminaret er frivillig, HK-dir dekkjer deltaking og overnatting for éin person per prosjekt. Reisekostnadane må deltakarar dekkje sjølv.
Kven er seminaret for?
Seminaret er relevant for både mobilitets- og partnarskapsprosjekt (KA1 og KA2) retta mot barnehage, skule, fag- og yrkesopplæringa og dessutan vaksne si læring.
Praktisk informasjon
Meir informasjon om parallellsesjonar og program vil bli publisert på denne sida over sommaren, i tillegg vil vi sende ut informasjon til alle nye og pågåande KA1- og KA2-prosjekt.
European Year of Skills 2023
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse er utnevnt av Kunnskapsdepartementet til å være nasjonalt koordineringspunkt for det europeiske kompetanseåret 2023. Les mer om European Year of Skills på kommisjonens nettsider (engelsk)