Seminar om studentmobilitet i helse- og sosialfaglege utdanningar
HK-dir har saman med Høgskulen på Vestlandet gleda av å invitere til dagsseminar om auka studentmobilitet i helse- og sosialfaglege utdanningar.
Korleis kan ein som institusjon og fagmiljø jobbe for å auke talet på studentar som tek studie- og praksisopphald i utlandet?
Prosjekta med støtte gjennom "Program for økt studentmobilitet" arbeider med fleire sider av mobilitet, og prøver ut ulike tiltak for å auke dette talet. I løpet av seminaret vil vi få eksempel frå prosjekt som har oppnådd gode resultat, og som deler kunnskap og erfaringar dei har gjort seg. Kva fungerer, kva fungerer ikkje?
Seminaret vil bestå av ei blanding av innlegg i plenum og gruppearbeid.
- Kva mål og strategiar jobbar vi mot, og korleis kjem vi dit?
- Kva kan ein få til innafor dei rammene ein har, også utan prosjektmidlar?
- Ser vi alle moglegheitene?
- Kan vi dra betre nytte av studentane sine erfaringar?
- Korleis orientere seg i andre utlysingar og støtteordningar?
Målgrupper
Seminaret er særleg relevant for nøkkelpersonar i dei rammeplanstyrte helse- og sosialfaglege utdanningane, både faglege leiarar og administrativt tilsette, og for prosjekta som har fått støtte gjennom "Program for økt studentmobilitet". Andre interesserte er også velkomne.
Seminaret er gratis og det vil bli servert lunsj.
Med atterhald om små endringar i programmet.