Hopp til hovudinnhald

Språk som kvalitet i utdanninga - Behov for norsk fagspråk for studentar

15. april frå klokka 10 til 11 inviterer vi til nettseminar saman med Språkrådet, Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen.

Tidspunkt: 15. april 2026 kl. 10.00- 15. april 2026 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Opptak frå arrangement

Om arrangementet

Kva krav stiller vi eigentleg til språkkompetanse hos studentane, og stemmer dei overeins med realitetane i høgare utdanning?

Dette seminaret utforskar den rolla det norske fagspråket har i studieløpet. Studentane kjem inn i utdanninga med ulik språkleg bakgrunn, medan studium og profesjonsløp kan krevje at studentane meistrar akademisk norsk og engelsk, og at dei har gode kommunikative ferdigheiter i tillegg.

Gjennom korte faglege innlegg ser vi på korleis dette påverkar lesinga, skrivinga og den faglege utviklinga til studentane. NSO bidreg med studentane sitt perspektiv.

Program

Didrik Nohre Lønvik, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon gir eit innblikk i kva for utfordringar studentane har når det gjeld bruk av fagspråk, og korleis dette påverkar den faglege utviklinga deira.

Silje Molander, avdelingsdirektør i avdeling for yrkeskvalifisering og opptak i HK-dir fortel om språkkrav for opptak til høgare grunnutdanningar.

Marte Pupe Støyva, spesialbibliotekar og doktorgradsstudent, Universitetet i Stavanger tek for seg kva forskinga seier om studentane si lesing i dag, og kjem mellom anna inn på kva som krevst for å bli ein god lesar i ei digital tid.

Inga Bårdsen Tøllefsen, førstebibliotekar og leiar av Skrivesenteret ved UiT – Noregs arktiske universitet kjem med eit blikk på norsk som fagspråk sett frå Skrivesenteret.

Frå ca. 10.35 panelsamtale leia av Ann-Tove Eriksen, avdelingsdirektør i HK-dir.

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)