Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
7. Timetal
Kompetansemåla er delte inn i tre modular, som kvar har eit timeomfang på 25 timar. Kommunane står fritt til å velje kva rekkefølge modulane skal komme i for den enkelte deltakaren, også for asylsøkjarar busette på mottak.
Deltakarane skal gjennomføre 75 timar opplæring i samfunnskunnskap, jf. integreringsloven § 33 første ledd. Nokre deltakarar skal gjennomføre 50 timar opplæring i samfunnskunnskap. Sjå integreringsforskriften § 73 for nærare overgangsreglar.
Asylsøkjarar i mottak skal gjennomføre 25 timar opplæring i samfunnskunnskap, jf. integreringsforskriften § 2. Sjå integreringsforskriften § 73 for nærare overgangsreglar.