Etikk - nynorsk
Ein karriererettleiar er bevisst sine eigne haldningar og kompetanse, reflekterer systematisk over sin eigen praksis og forheld seg konkret og refleksivt til dei etiske retningslinjene for karriererettleiing. Karriererettleiaren møter vegsøkjaren med openheit og respekt, og forstår betydinga av å vise god rolleforståing.
Sist oppdatert : 23. august 2024Kunnskap
Karriererettleiaren:
- kjenner etiske retningslinjer for karriererettleiing og har grunnleggande innsikt i etisk teori
- har kunnskap om handlingsalternativ og plikter i møtet med etiske dilemma og utfordringar i karriererettleiing
- har kunnskap om relevante lovvedtak som handlar om personvern og behandling av personopplysningar
Ferdigheiter
Karriererettleiaren:
- forheld seg til og handlar i tråd med etiske retningslinjer i praksisen sin
- kjenner att etisk utfordrande situasjonar og gjer gode vurderingar av kva som er ei etisk forsvarleg handling
- utviklar og utøver etisk handlekraft i det daglege rettleiingsarbeidet
- reflekterer systematisk og inngåande over sin eigen praksis aleine og saman med andre
Generell kompetanse
Karriererettleiaren:
- er bevisst egne verdiar, haldningar og åtferd i relasjon med vegsøkjaren
- kan kritisk vurdere si eiga rolleutøving og korleis forforståingar og kommunikasjon kan påverke rettleiinga
- tek initiativ til etisk refleksjon og handling i den profesjonelle fellesskapen sin
Plakat
Her kan du laste ned kompetanseområdet Etikk i plakatformat. PDF-fila kan printast ut i ulike storleikar.