Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Karrierefaglege teoriar og metodar

Ein karriererettleiar har oversikt over breidda i det teoretiske feltet som handlar om karriereutvikling og karriererettleiing. Karriererettleiaren nyttar karriereteori til å utvikle og berike perspektiv i rettleiinga, og gjere bevisste og tilpassa metodeval.

Sist oppdatert : 23. august 2024

Karriererettleiaren kan integrere og balansere fysisk og digital rettleiing, og vurderer kva form og arena som er mest føremålstenleg i den aktuelle karriererettleiingsaktiviteten.

Kunnskap

Karriererettleiaren:

  • har kunnskap om korleis individet gjer val, og kva som påverkar individet sine val og karriereutvikling
  • har kunnskap om spesifikke karriererettleiingsmetodar
  • har kunnskap om moglegheiter og avgrensingar knytte til ulike verktøy som blir nytta til utforsking av interesser, ønske og moglegheiter for utdanning og arbeid
  • har kunnskap om fysiske og digitale rettleiingsformer, og om korleis dei kvar for seg og saman bidrar til fleksible karriererettleiingsprosessar

Ferdigheiter

Karriererettleiaren:

  • nyttar relevant karriereteori for å kunne bringe inn fleire perspektiv i rettleiinga
  • er bevisst på og kan grunngi val av karriererettleiingsmetoder
  • vurderer føremålstenleg bruk av ulike former og arenaer for karriererettleiing
  • kan nytte digital karriererettleiing integrert med andre rettleiingsformer

Generell kompetanse

Karriererettleiaren:

  • kan kritisk vurdere ulike karrierevalsteoriar og bruken av dei i karriererettleiingspraksis
  • kan nytte karriereteori til nytenking, innovasjon og formidling i tenesta
  • forstår betydinga av å leie og organisere karriererettleiingsaktivitetar i digitale og fysiske omgivnader på måtar som stimulerer vegsøkjaren si evne til nytenking rundt sin eigen situasjon

Plakat