Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Målgrupper og kontekst nynorsk

Ein karriererettleiar har kunnskap om ulike målgrupper for rettleiing og om mandata og lovverka til dei ulike karriererettleiingstenestene.

Sist oppdatert : 23. august 2024

Karriererettleiaren har innsikt i korleis sosiokulturelle forhold kan påverke individet si karriereutvikling, og nyttar innsikta bevisst i møtet med vegsøkjaren for å bidra til å utvide vegsøkjaren sin moglegheitshorisont.

Kunnskap

Karriererettleiaren:

  • har kjennskap til dei ulike karriererettleiingstenestene og målgruppene deira
  • har kunnskap om målgruppa for si eiga teneste, føresetnadene og behova deira
  • har kunnskap om relevante lover, reglar, rettar og plikter som set rammer for karriererettleiinga
  • har innsikt i korleis sosiale kategoriar som for eksempel kjønn, sosioøkonomisk bakgrunn, etnisitet, alder, helse eller seksualitet kan påverke individet si karriereutvikling

Ferdigheiter

Karriererettleiaren:

  • viser systemforståing og innsikt i samfunnsoppdraga til ulike sektorar
  • anerkjenner den einskilde sin livssituasjon og behov, og bidrar til utforsking av moglegheiter og avgrensingar

Generell kompetanse

Karriererettleiaren:

  • har innsikt i konsekvensar av utanforskap og betydinga av inkludering og sosial rettferdigheit for individ og samfunn

Plakat