Rettleiingsprosessar og relasjonar
Området Rettleiingsprosessar og relasjonar handlar om dei generelle rettleiings- og relasjonsferdigheitene som utgjer kjernen i alt rettleiingsarbeid.
Sist oppdatert : 23. august 2024Karriererettleiaren forstår at profesjonelle rettleiingssamtalar føreset ei bevisst framdrift og ein bevisst struktur, brukar adekvate rettleiingsmetodar og verktøy og utviklar kontinuerleg sine eigne kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.
Kunnskap
Karriererettleiaren:
- har kunnskap om kva som bidrar til refleksjon, framdrift og struktur (dei ulike fasane i rettleiing)
- har kunnskap om korleis ein kan etablere, utvikle og halde ved like gode relasjonar i rettleiing
- har kunnskap om betydinga av å etablere ein tydeleg rettleiingskontrakt som spesifiserer målet og rammene for rettleiingsprosessen
- har kunnskap om korleis legge til rette for rettleiingsprosessar for individ og gruppe
Ferdigheiter
Karriererettleiaren:
- er bevisst på val av metodar for å kunne kartlegge og analysere bakgrunn, no-situasjon og forventningar saman med vegsøkjaren
- utviklar gode relasjonelle rammer for rettleiing
- nyttar sentrale rettleiingsferdigheiter, til dømes hensiktsmessige og varierte spørsmål og lytteteknikkar, for å:
- skape nødvendig struktur og framdrift
- bidra til at vegsøkjaren set seg mål og planlegg og reflekterer over val og handlingar, her og no og for framtid
- saman med vegsøkjaren skape meining og forståing, og legge til rette for meistring.
Generell kompetanse
Karriererettleiaren:
- forstår betydinga av at relasjons- og rettleiingsferdigheiter kontinuerleg og systematisk må haldast ved like og vidareutviklast, gjennom både praksis, refleksjon og kollegasamarbeid
Plakat
Her kan du laste ned kompetanseområdet Rettleiingsprosessar og relasjonar i plakatformat. PDF-fila kan printast ut i ulike storleikar.