Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Utdanning og arbeid nynorsk

Ein karriererettleiar har oppdatert kunnskap om dei særlege fokusområda i karriererettleiinga: utdanning og arbeid.

Sist oppdatert : 23. august 2024

Karriererettleiaren har kjennskap til utdanningsvegar, trendar og etterspurnad på arbeidsmarknaden, og har oversikt over informasjon og forsking om framtidige kompetansebehov. Karriererettleiaren forstår kompleksiteten og avgrensingane i mangfaldet av utdannings- og arbeidsmarknadsinformasjon.

Kunnskap

Karriererettleiaren:

  • har oppdatert kunnskap om utdanningssystemet på alle nivå, og grunnleggande kjennskap til utdanningssystemet sine særlege ordningar, som reglar, moglegheiter, krav, fristar, dispensasjonar og støtteordningar
  • har kunnskap om etter- og vidareutdanning og aktuelle kursmoglegheiter lokalt
  • har kjennskap til behova og etterspurnaden i arbeidslivet etter arbeidskraft lokalt, regionalt og nasjonalt, og til prognosar for framtidige kompetansebehov
  • har kunnskap om forventningar og krav knytte til jobbsøkingsprosessen og deltaking i arbeidslivet

Ferdigheiter

Karriererettleiaren:

  • nyttar kvalitetssikra informasjonskanalar om utdanning og arbeid og utøver kjeldekritikk
  • vurderer utdannings- og arbeidsmarknadsinformasjon saman med vegsøkjaren opp mot vegsøkjaren sine ønske, moglegheiter og avgrensingar
  • rettleier i søknadsprosessar knytt til utdanning og arbeid
  • bistår vegsøkjaren i å synleggjere, forstå og nytte sin eigen kompetanse, inkludert det å kunne sette ord på generell kompetanse som er overførbar frå eitt arbeidsområde til eit anna

Generell kompetanse

Karriererettleiaren:

  • har innsikt i arbeidet si betyding i menneske sine liv
  • kan formidle betydinga av frivillig arbeid for lokalsamfunnet og den einskilde

Plakat