Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Utvikling, nettverk og systemarbeid nynorsk

Ein karriererettleiar har kompetanse til å ta på seg arbeidsoppgåver på eit systemnivå, som mellom anna kan omfatte koordinering, nettverksbygging, innovasjon, prosessleiing og utvikling av karriererettleiingstilbod.

Sist oppdatert : 22. august 2024

Kunnskap

Karriererettleiaren:

  • har kunnskap om korleis karriererettleiingsfeltet i Noreg er organisert
  • har kunnskap om betydinga av strategisk og målretta karriererettleiingsarbeid i sin eigen organisasjon
  • har grunnleggande kjennskap til organisasjonsutvikling, innovasjon, leiing og forvaltning

Ferdigheiter

Karriererettleiaren:

  • tek initiativ til å drive utviklingsarbeid for å styrke karriererettleiingstilbodet i sin eigen organisasjon eller sektor
  • legg til rette for strategisk kommunikasjonsarbeid og synleggjering av karriererettleiingstilbod
  • bygger nettverk og samarbeider med utdanning, arbeidsliv og frivillig sektor

Generell kompetanse

Karriererettleiaren:

  • kan formidle resultat, problemstillingar og faglege perspektiv frå karriererettleiingsfeltet i ulike former og medium
  • har forståing for politiske prosessar og karriererettleiinga sitt bidrag i eit komplekst system

Plakat