Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
5. Kompetansemål og vurdering
5.1 Modul: Utdanning, kompetanse og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- gi eksempel på barn, unge og vaksnes rettar, plikter og moglegheiter i det norske utdanningssystemet, og korleis utdanning kan finansierast
- gi eksempel på rettar og plikter ein har som arbeidstakar, i samband med for eksempel fagorganisering, medbestemming og arbeidsmiljø
- gi eksempel på kva skattefinansiert velferd inneber
- bruke kunnskap om personvern og opphavsrett og retten ein sjølv og andre har til privatliv
- bruke kunnskap om arbeidslivet til å ta formålstenlege val knytte til
opplæring, utdanning og arbeid - samtale om sentrale verdiar som det norske skole- og utdanningssystemet bygger på, og kva som blir forventa av foreldre i samarbeidet mellom skolen og heimen
- samtale om betydninga av å bruke ulike arenaer for å lære norsk
- samtale om betydninga av kritisk tenking og etisk bevisstheit, mellom anna knytt til digital dømmekraft
5.2 Modul: Familie, helse og kvardagsliv
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- gi eksempel på viktige lover, reglar og verdiar som handlar om barn og unges rettar og rettsvern
- gi eksempel på korleis offentlege etatar, som for eksempel barnehage, skole og barnevern, kan støtte familiar
- gi eksempel på korleis fysisk og psykisk helse kan bli påverka av livsstil og ulike hendingar, som for eksempel migrasjon
- bruke kunnskap om det norske helsevesenet til å få tilgang til ulike helsetenester
- bruke kunnskap om sentrale rettar, plikter og moglegheiter som nykommen innvandrar i Noreg
- bruke kunnskap om omgangsformer i det norske samfunnet og om korleis ein kan delta aktivt på sosiale, frivillige og politiske arenaer
- samtale om korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
- samtale om kva negativ sosial kontroll, vald i nære relasjonar, tvangsekteskap og kjønnslemlesting er, om juridiske og personlege konsekvensar av dette, og om aktuelle hjelpetilbod
- samtale om familieplanlegging, prevensjonsmiddel og abort, forståing og respekt knytt til seksuell identitet og kjønnsuttrykk, og grensesetting og lovverk knytt til dette
5.3 Modul: Noreg før og no
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- gi eksempel på nokre av dei viktigaste historiske hendingane og prosessane som har danna grunnlaget for framveksten av demokratiet i Noreg
- gi eksempel på viktige merke- og heilagdagar, og korleis dei blir markerte
- gi eksempel på korleis demokratiet i Noreg fungerer, knytt til dei tre statsmaktene og prinsippet om maktfordeling, politiske parti og valordninga
- gi eksempel på mangfald i Noreg med vekt på ulike familieformer, levesett, buformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket
- bruke kunnskap om kva konsekvensar bruk og misbruk av ressursar har for eit berekraftig miljø og samfunn
- samtale om likestilling og kvinners deltaking i arbeidsliv, utdanning og politikk, og kva betydning det har for utviklinga av samfunnet
- samtale om menneskerettar som ytringsfridom og vern mot diskriminering
- samtale om ulike tradisjonar og syn på religion i det norske samfunnet og endringar på desse områda over tid
5.4 Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremme læring og til å utvikle kompetanse i faget. Læraren skal legge til rette for medverknad, slik at deltakarane forstår kva dei skal lære, og kva som blir forventa av dei, og rettleie dei til vidare kunnskapssøking.
I tillegg skal undervegsvurderinga bidra til at deltakarane reflekterer over eiga læring og samtidig får ei forståing av prinsippa og verdiane i det norske skolesystemet. Deltakarane viser kompetanse når dei reflekterer over seg sjølve og andre som ein del av samfunnet, og korleis dei kan påverke sitt eige og andres liv.