Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
3. Tverrfaglege tema
3.1 Folkehelse og livsmeistring
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at deltakarane har kunnskap om det norske samfunnet som kan bidra til å ta vare på familieliv og eiga og eventuelle barns psykiske og fysiske helse, til å gjere gode helseval og til å ta vare på eigne behov og eigen økonomi. Faget skal også bidra til at deltakarane er rusta til å skape gode relasjonar og delta i ulike sosiale fellesskapar, inkludert i frivillig sektor, og til å skape forståing, respekt og toleranse for mangfald og for andres verdiar og livsval.
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring også om opplæring, utdanning og arbeidsliv. Faget skal bidra til at deltakarane får innsikt i betydninga av formell og uformell kompetanse, og slik legge til rette for livslang læring og deltaking i arbeids- og samfunnsliv.
3.2 Demokrati og medborgarskap
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å bidra til at deltakarane kan delta i og vidareutvikle demokratiet. Faget skal bidra til at deltakarane utviklar innsikt i demokratiske verdiar og prinsipp og kunnskap om kva som kan true demokratiet. Deltakarane skal kunne handtere ulike perspektiv og meiningsbryting, tenke kritisk og vise aktiv medborgarskap. Vidare skal deltakarane reflektere over at handlingar på både individ- og samfunnsnivå har betydning for den enkelte og for samfunnet som heilskap.
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap også om opplæring, utdanning og arbeidsliv. Deltakarane skal ha innsikt i samanhengen mellom dei sosiale og økonomiske aspekta ved deltaking i arbeidslivet. Faget skal bidra til at deltakarane har gode føresetnader for å forstå kva for moglegheiter, rettar og plikter som gjeld i utdanningssystemet og i arbeidslivet.