Nasjonal klagenemnd for høgare yrkesfagleg utdanning
Klagenemnda handsamar klager på enkeltvedtak som er gjort i medhald av lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskulelova).
Sist oppdatert : 28. oktober 2023Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskulelova) § 16, og §§ 24 til 27, jf. fagskolelova § 20 femte ledd og fagskoleforskrifta § 43.
Dette omfattar vedtak om opptak gjennom samordna opptak, annullering av eksamen m.m., samt om utestenging, bortvising, vurdering av dugleik (skikkethet) og krav om politiattest. Nemnda handsamar ikkje klager på fagskulane sine opptaksvedtak om realkompetanse eller spesielle opptakskrav.
Klagenemnda har sju medlemmer, utpeikt av Kunnskapsdepartementet. Nemndas sakshandsaming er skriftleg, og nemnda kan prøve alle sider av saker den mottek. HK-dir er sekretariat for nemnda, og ansvarlig for å ta imot, førebu og leggje til rette klagesakshandsaminga til nemnda.
- Øystein Hagen (leiar)
- Ann Marit Roterud Espe (nestleiar)
- Gunnbjørg Tveiten Engehagen (medlem)
- Annelise Kiønig (medlem)
- Erik Brekken (medlem)
- Niklas Frogner (studentrepresentant)
- Karianne Leikvoll Stokstad (studentrepresentant)
Vararepresentantar:
- Jens Christian Thysted
- John Øivind Eggesbø
- Vegard Iversen
- Tom Alexander Østensen (student)
Magnus Wiig
Telefon 55 30 38 00 eller post@hkdir.no. Vi ber om at det ikkje sendast sensitive personopplysningar når du kontakter oss.
Klagesaker som skal oversendast klagenemnda
Klager på enkeltvedtak gjort med heimel i fylgjande føresegner i fagskulelova handsamast av Nasjonal klagenemnd for høgare yrkesfagleg utdanning:
- § 16 om opptak gjennom samordna opptak, unntatt fagskolenes opptaksvedtak om realkompetanse eller spesielle opptakskrav, jf. fagskoleforskriften § 43
- § 24 om annullering av eksamen eller prøve
- § 25 om bortvisning og utestenging
- § 26 om vurdering av skikkethet
- § 27 om krav om politiattest
Klagesaker knytt til andre vedtak/avgjersler enn dei som er nemnt ovanfor vil ikkje verte handsama av klagenemnda, og vil bli returnert.
Oversending av klagesaker til klagenemnda
Før oversending av klagesaker må utdanningsinstitusjonen vurdere om det opprinnelege vedtaket/den opprinnelege avgjerda bør omgjerast, jf. forvaltningsloven § 35.
Dersom vedtaket/avgjerda oppretthaldast/stadfestast av institusjonen, skal institusjonen utan ugrunna opphald oversende klagesaka til klagenemnda for vidare handsaming.
Ved oversending av klagesaker, må institusjonen sjå til at alle relevante dokument er inkluderte, og at saken er framstilt på en ryddig og oversiktleg måte. Nærmere vegleiing ved oversending av klagesaker, kan ein finne i vegleiar for oversending av saker (PDF).
Vi ber om at klagesaksdokumenta oversendast elektronisk via sak- og arkivsystemet dykkar (Altinn, SvarUT, eFormidling).
Dersom dette av ulike årsaker ikkje let seg gjere, kan klagesaker også oversendast kryptert via fildeletenesta Filesender, kor passordet sendast per SMS til en avtalt mottakar. For å avtale mottakar, kan ein sende ein førespurnad til post@hkdir.no. Ved slik oversending nyttast e-postadressa post@hkdir.no.
Klagesaker kan etter avtale også oversendast per post. Førehandsavtala oversending per post rettast til:
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
v/ Felles klagenemnd
Postboks 1093
5809 Bergen