Nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna Opptak
Nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna opptak handsamar klager på enkeltvedtak gjort med heimel i universitets- og høyskoleloven.
Sist oppdatert : 28. oktober 2023Universitets- og høyskoleloven §§ 3-6 til 3-7 og § 4-9 (Lovdata), jf. opptaksforskrifta kapittel 8 (Lovdata).
Klagenemda har sju medlemmer som er utpeikt av Kunnskapsdepartementet. HK-dir er sekretariat for nemnda, og er ansvarlig for å ta imot, førebu og leggje til rette for klagesaksbehandlinga til nemnda.
Nemnda handamar saker knytt til opptak gjennom Samordna opptak. Dette omfattar m.a. klage på vedtak om kvalifisering, manglande poeng og konkurranse i feil kvote. Nemnda handsamar ikkje klager på lærestadane sine opptaksvedtak om realkompetanse, opptak etter at det er gjeve dispensasjon frå enkelte av krava om generell studiekompetanse, eller klager på vurderingar av spesielle opptakskrav som omfattar ferdigheiter eller opptaksprøver fastsett av institusjonen.
Meir informasjon om Nasjonal klagenemnd er tilgjengeleg på Samordna opptak sine nettsider.