Asbjørn Støverud
Asbjørn Støverud har jobba med vaksne si læring sidan tidleg 2000-tal, både som lærar, skuleleiar og på skuleeigarsida.
Sist oppdatert : 23. september 2024Han starta i 2020 i Kompetanse Noreg som avdelingsdirektør for læreplan og prøvar. Før dette kom han frå stillinga som leiar for Oslo vaksenopplæring.
Gjennom ulike leiarstillingar har Støverud opparbeidd seg erfaring frå arbeids- og kompetansepolitikk og store delar av det norske skulesystemet.
Støverud er cand.philol. med hovudfag i nordisk og praktisk-pedagogisk utdanning frå Universitetet i Bergen.
Kontorstad: Oslo