Avdeling for europeisk samarbeid og kvalitetsutvikling
Avdelinga forvaltar verkemiddel for og kunnskap om utvikling av høgare utdanning, mellom anna gjennom europeiske, nordiske og nasjonale program som Erasmus+, Nordplus og Sentra for framifrå utdanning (SFU).
Sist oppdatert : 23. september 2024Avdelinga arbeider med tiltak for økt studentutveksling frå Noreg og for europeisk samarbeid, mellom anna med dei prioriterte landa Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Tiltak for norsk fagspråk, kunstnarleg utviklingsarbeid og kopling mellom høgare utdanning og forsking er andre viktige ansvarsområde.
Kunnskapskontoret i Brussel (NorCore) er knytt til denne avdelinga.