Avdeling for globalt samarbeid og kapasitetsbygging
Avdelinga forvaltar verkemiddel og kunnskap som fremmer kvalitetsutvikling og globalt kunnskapssamarbeid, spesielt retta mot prioriterte samarbeidsland utanfor Europa.
Sist oppdatert : 23. september 2024Avdelinga har ansvar for arbeidet knytt til Panoramastrategien, som inkluderer forvaltning av programma UTFORSK og INTPART. I tillegg forvaltar dei NORPART, partnarskapsprogrammet som støttar samarbeid med det globale sør.
Avdelinga har også ansvar for utdanningsdimensjonen i EØS-ordninga og stipendordninga Students at Risk, samt global mobilitet og kapasitetsbygging i høgare utdanning i Erasmus+.
Ansvaret for arbeidet med å fremme Noreg som samarbeids- og studieland ligg òg til avdelinga.