Hopp til hovudinnhald

Avdeling for godkjenning av høgare utdanning

Avdelinga har ansvar for godkjenningsordninga for utanlandsk høgare utdanning.

Sist oppdatert : 23. september 2024

Godkjenning fører fram til vedtak om at den utanlandske utdanninga heilt eller delvis er likestilt med norsk høgare utdanning. Det blir ikkje gjort ei fagleg vurdering av innhaldet i utdanninga.

Avdelinga tilbyr òg automatisk godkjenning av utvalde høgare utdanningar frå 20 land, i form av ei standardisert fråsegn som viser kva den utanlandske utdanninga svarer til i Noreg.

Vidare tilbyr dei ei rådgivingsteneste for arbeidsgivarar, UH-institusjonar og Lånekassen, og turbovurdering for arbeidsgivarar og ph.d.-opptak.

Avdelinga forvaltar òg GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkarar), som gir ei oversikt over utdanningar frå andre land som gir generell studiekompetanse i Noreg.

Kontakt oss

Einar Meier

Avdelingsleiar

E-post:einar.meier@hkdir.no

Kontakt oss

Dag Hovdhaugen

Divisjonsdirektør

E-post:dag.hovdhaugen@hkdir.no

Telefonnummer:99 50 06 04