Hopp til hovudinnhald

Avdeling for innovasjon i utdanning

Avdelinga har oppgåver som bidreg til å fremme utdanningskvalitet og livslang læring. Vi har også forvaltningsoppgåver knytt til regelverk og forskrifter.

Sist oppdatert : 24. juni 2026

Avdelinga samlar og gjer tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag innanfor våre ansvarsområde.

Fleire av oppgåvene i avdelinga er knytt til å styrkje kvalitet og relevans i profesjonsutdanningane. Vi har ansvar for sekretariatet for RETHOS, der vi følgjer opp utvikling og revisjon av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane.

Vi har òg eit overordna ansvar for lærarutdanningane og bidreg til kvalitetsutvikling gjennom til dømes dialog med sektoren og støtte til nasjonale prosessar.

Vi har ansvar for oppfølging av regjeringas handlingsplan for norsk fagspråk i akademia saman med Språkrådet. Avdelinga har ansvar for tilskotsordninga Lærebokordninga for høgare utdanning. Vi skal òg sørgje for å få betre kunnskap om tiltak for studentar med norsk som andrespråk ved universitet og høgskular, hovudsakleg i profesjonsutdanningane.

Saman med Digitaliseringsdirektoratet, Innovasjon Norge og Forskningsrådet bidreg avdelinga i koordineringa i Digital Europa-programmet. Vi forvaltar også Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris.

Vi arrangerer, bidrar og legger til rette for møtearenaer for kunnskap og erfaringsdeling, konferansar med meir.

Kontakt oss

Ann-Tove Eriksen

Avdelingsleiar

E-post:ann-tove.eriksen@hkdir.no

Kontakt oss

Ragnhild Tungesvik

Divisjonsdirektør

E-post:ragnhild.tungesvik@hkdir.no

Telefonnummer:95 02 51 53