Avdeling for intervjubasert godkjenning
Avdelinga har ansvar for intervjubasert godkjenning av utanlandsk høgare utdanning.
Sist oppdatert : 23. september 2024Dette er same godkjenningsordning som generell godkjenning av høgare utdanning, og er et tilbod til søkarar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere utdanninga si.
Ordninga blei oppretta med tanke på flyktningar og personar i ein flyktningeliknande situasjon, men er ikkje avgrensa til dette. Søkarar blir vist til ordninga dersom det ikkje er mogeleg å handsame søknaden innanfor vår ordinære dokumentbaserte godkjenningsordning. Avdelinga brukar intervju med sakkunnige ekspertar på det aktuelle fagområdet til å sannsynleggjere at ein søkar har gjennomført ei gitt utdanning.