Avdeling for kompetanseutvikling i arbeidslivet
Avdelinga har ansvar for trepartssamarbeid om kompetansepolitikk og oppfølging av Kompetansepolitisk råd.
Sist oppdatert : 23. september 2024Dei følger opp regional kompetansepolitikk og kompetansepilotar for betre kopling mellom arbeidsliv og utdanning i distrikta. Vidare jobbar dei med etter- og videreutdanning på alle utdanningsnivå, med vekt på arbeidslivet. Bransjeprogrammet og tilskot til fylkeskommunane for at fleire vaksne skal fullføre vidaregåande opplæring er viktige verkemiddel.
Avdelinga utfører eit felles oppdrag med Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi om at fleire Nav-brukarar skal fullføre vidaregåande opplæring. Dei har ansvar for å vidareutvikle systemet for realkompetansevurdering og bidra til økt bruk. Dei har også rollen som koordinator for Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL) og for EUs agenda for livslang læring.