Avdeling for kvalitet i karriererettleiing
Avdelinga jobbar med kvalitets- og systemutvikling og utvikling av politikk og verkemiddel på karriererettleiingsområdet.
Sist oppdatert : 23. september 2024Avdelinga har ansvar for nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing med nettstad, og for nettstaden veilederforum.no.
Vi har fagleg ansvar for karriererettleiing i skulen og for karriererettleiing for flyktningar etter integreringslova, og arbeider for å styrke tverrsektorielt samarbeid og kunnskapsutvikling. Vi utviklar òg eit rammeverk for karriererettleiing for unge forskarar og jobbar for å styrke karriererettleiinga på universitet og høgskuler.
Avdelinga har nasjonalt ansvar for det europeiske nettverket Euroguidance og den europeiske plattformen Europass.