Avdeling for opptaksforvaltning
Saman med avdeling for regelverk og opptak har avdelinga ansvar for det samordna opptaket til grunnutdanningar ved universitet og høgskular. Avdelinga forvaltar òg opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning på nokre fagskular.
Sist oppdatert : 23. september 2024Avdelinga har ansvar for forvaltninga av opptaka og nasjonal vitnemålsdatabase, som blir understøtta av dei tekniske systema som er levert av Sikt. Dei har ansvar for brukarstøtte for søkarar, og til institusjonar som bruker opptakssystema.
Avdelinga produserer og leverer statistikk og analysar av opptaksdata til Kunnskapsdepartementet og media. Dei utformar retningslinjer, prosedyrar og arbeidsflyt for lærestadane for å sikre god gjennomføring av opptaka.