Hopp til hovudinnhald

Avdeling for regelverk og opptak

Saman med avdeling for opptaksforvaltning har avdelinga ansvar for det nasjonale samordna opptaket til grunnutdanningar ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.

Sist oppdatert : 23. september 2024

Avdelinga har ansvar for utarbeiding av kunnskapsgrunnlag, utgreiingar og analysar knytt til opptaksregelverket, tolking av regelverk og utarbeiding av prosedyrar for sakshandsaming av søkarar til høgare utdanning. Dei gir òg informasjon om opptak til høgare utdanning og rettleier søkarar, potensielle søkarar og rådgivarar.

Avdelinga utgreier om utanlandsk vidaregåande utdanning fyller krava til generell studiekompetanse, og handsamar søkarar med utanlandsk bakgrunn i opptaket til høgare utdanning.

Avdelinga er sekretariat for Nasjonal klagenemnd for opptak gjennom Samordna opptak.

Kontakt oss

Rigmor Bjørkli

Avdelingsleiar

E-post:rigmor.bjorkli@hkdir.no

Kontakt oss

Dag Hovdhaugen

Divisjonsdirektør

E-post:dag.hovdhaugen@hkdir.no

Telefonnummer:99 50 06 04